I godt mot og etter ei kjekk og god erfaring frå det fyrste kurset, som no  har  hatt to kurskveldar, var ein imøtekomande kursleiar Anders Roald på plass og tok imot dei nye elevane. Denne kvelden var det 10 elevar som møtte. Den 11. eleven hadde diverre fråfall denne kvelden pga.eit mindre uhell på det glatte føret, men vi reknar med at neste kurskveld er alle  11 på plass.
Og på spørsmål til lærar Anders kva erfaring han har med det pågåande fyrste kurset, så kjem det kjapt. - Dette er berre kjekt, og kursdeltakararane er der virkeleg for å lære, og kva meir kan glede ein gamal pedagog.

Datakurs 2c 220108
Anders Roald hadde ei grundig innføring, og ingen kom vidare før alle hadde innlært bruken av venstre mustast.

Dei to kursa vert arrangert parallelt, det eine på måndag, det andre på tysdag, men det fyrste kurset ligg no ein kurskveld før det andre pga.at kursleiar fekk fråfall sist tysdag. Kursa startar med det mest grunnleggande, nemleg det å slå på pc-en. Så får deltakarane kjennskap til å skrive brev, lagre brev og ikkje minst finne dei fram att etter lagring. Vidare får deltakarane kjennskap til det som vert kalla å surfe på nettet, leite fram nettaviser, kjennskap til betaling av rekningar med nettbank og sjølvsagt finne fram til Hjørundfjordportalen - mellom anna.

Etter dei 6-7 kurskveldane så vil vi ta opp med kursdeltakarane om vi skal engasjere Sparbank1 ein kveld med bruk av nettbank.Dette har sparebanken sagt seg villig til, så her er tilbodet klart. Og ikkje minst så stiller hjorundfjord.no dersom det er ynskjeleg med ei innføring i bruken av portalen. Her er det opptil elevar og lærar kva dei ynskjer.

Dei to kursa har deltakarar frå heile Hjørundfjorden, frå Håvoll, frå Ørsta og frå Åmdalen. Kursa kostar kr. 500,- inkl. ein kaffikopp eller to og litt å bite i.

Datakurs2b 220108
No er det like før start, og Anders har lagt ut Hjørundfjord bilete som skjermbilete på alle maskiner som elevane studerer.

I Hjørundfjorden er no breibandet  i ferd med å verte utbygd både på Viddal, Øye og Standal og vi gler oss spesielt over at vi har to kursdeltakar frå Øye og to frå Standal. Her håper vi at vi får aktive brukarar på hjorundfjor.no, om ganske kort tid.