Elling Kvistad var ein svært aktiv gardbrukar på Kvistad i Bondalen til for ca. 7-8 år sidan, før han fekk ein sjukdom som gjorde at han fekk inskrenka bevegelsefriheita si. Den tidlegare spreke karen er på ingen måte lite aktive i dag, men han har berre måtta omstilt seg ein del, sidan han no brukar mykje rullestol for å kome seg fram.

Å ta seg ein tur innom Elling og å slå ihjel ein time i godt prat er ikkje problem, men  det er tvertimot eit lite luksusproblem at ein gløymer seg heilt vekk, då det er så mykje å snakke med han om. Sidan vi begge er svært interesserte i gamle bilete og postkort, så er prospektkortalbumane hans like interessante kvar gong, og når der er nye kort sidan sist også, så er det ikkje mindre kjekt.

Bilfergen
Eit kort frå samlinga er "MF Bilfergen" som gjekk på Hjørundfjorden på 50talet. Ferja er i dag under restaurering i Hardanger.

Elling er også leiar i handicaplaget for Ørsta Volda, og laget har den siste tida heldt datakurs for sine medlemmar. Kurset har vore halde i Volda Industri As sine lokaler i Furene i Volda, og læraren har vore Tore Frøland frå Sæbø. Internett er ein kjærkomen nyvinning for dei som ikkje kan reise lenger, slik som den som er funksjonsfrisk, og det har vore eit sosialt og kjekt kurs for elevane.

Elling Kvistad med julekort I
Elling her med kortet frå Bondalen som han fekk frå Sverige. Bak han på veggen ser ein eit kjempestort og flott puslespel på eit par tre tusen bitar som har har pusla ihop.

Ein dag sist haust venta Elling på ein postpakke med prospektkort frå Sverige frå ein privat seljar. Korta som han venta på var eldre postkort frå distriktet her, og etter ein samtale på nettet så hadde svensken sagt (på epost) at han hadde eit nyare kort frå Bondalen som han legg ved som ein kvantumsrabatt. Pakken vart opna og korta som var avtalte var sjølvsagt slik som seljaren hadde beskreve, men overraskelsen var stor når han såg rabattkortet frå Bondalen. På baksida på kortet kunne han til sin store overraskelse lese at kortet hadde poststempel 6180 Sæbø(som var det gamle postnummeret) og årstalet var 1975. Ikkje nok med det, men avsendar, og det var ikkje til å tru, var hans neraste nabo og syskjenbarn Jakob A.Kvistad som døde 1982. Kortet var eit julekort frå 1975, til ein kjenning av Jakob i Sverige.

Julekort frå J.Kvistad

Dette kortet har fått ein spesiell plass i samlinga til Elling og det er berre utruleg kva slags samantreff ein skal oppleve, seier Elling. Elling set stor pris på kontakt og har nokon eit gamalt prospektkort frå distriktet, så er det berre å ta kontakt med Elling om ein vil ha opplysningar om kortet, for han har det meste i sin samling og kan mykje om dei. Kanskje kan einkvan ha eit kort som Elling ikkje har, og då kan det verte handel.

Losjebilde 001
Dette bilete av ungdom i 20-30åra utanfor det gamle Losjehuset, er Elling svært interessert i få kjennskap til kven det er. Er det nokon som kjenner dette så ta kontakt. Har vi sett det i ei eller anna bok?

Enkelte bilete han har i tillegg til postkorta er av personar som han ikkje kjenner og dei er han svært interessert i å få finne ut kven som er avbilda. Det vert meir og meir vanskeleg å finne folk som kan hjelpe etter som tida går, og dei som hugsar og kjenner til folk frå 20-30 åra, fell vekk av naturlege grunnar.

 

Skreve av Ivar Svein Mo