For dei som har barn i 1. - 5. klasse på Sæbø skule, og dei som har barn som går siste året i barnehagen på Sæbø, startar vi opp med familiebading i varmtvassbassenget i Volda i morgon (søndag 6. januar).

 

Der held vatnet ein jamn temperatur på om lag 34 grader, heile året!

 

Du kan liggje og duppe med halvopne auge medan du passar ungane dine og drøyme du er langt vekke frå kalde januarvindar.

 

I morgon skal mange på Bondalseidet for å renne på ski. Bondalseidet

Etter skituren er det godt for kalde, støre musklar å få løyse opp i det varme vatnet.

 

Det er kjekt og sosialt for både barn og vaksne å vere i bassenget!

 

Sæbø I.L. v/ barneidrettsgruppa har leigt badetid frå 15.00 - 17.00, åtte søndagar til og med 24. februar. Badevakt er til stades, men barn må vere i følgje med vaksne.

 

Vi bur og ferdast nær sjøen og meiner det er viktig at ungane lærer å symje og verte trygge i vatn.

 

For barneidrettsgruppa er det eit økonomisk lyft å leige bassenget. Vi håper derfor at så mange som mogleg støtter opp om ordninga og tek turen til Volda dei åtte søndagane vi kan nytte bassenget. 

 

Prisar:

Kr. 30,- for vaksne

Kr. 20,- for barn

Kr. 70,- for familie

 

Badetida er cirka ein time (men er der lite folk er vi ikkje så nøgne på tida).

For Sæbø I.L. Allidrett