Julefestnemnda opna dørene kl. 19.00. Folk møtte opp og tok plass før sjølve programmet begynte. Som underhaldning hadde nemnda henta musikkaren John Inge Leira Bjøringsøy, Leira, som sytte for variert pianomusikk.

Kl.20.00 starta programmet som lova og Lars-Petter Strandmann ynkste festdeltakarane god jul og velkomne til årets julefest. Den fyrste som var på, var Helge Nordang der han las diktet ”Tannverk” av Johan Kvistad. Vidare hadde han nokre gåter som han fekk festdeltakarane til å ta del i. Enkelte måtte han berre kome med svaret på, men mesteparten vart løyst av publikum.

Neste sekvens var visning av gamle og nyare bileter som Knut J.Riise hadde hjelpt til å samle inn. Her var det bileter frå folk og ungdom frå 60-åra og mange kjente seg att.

Etter bileteframsyninga var det kveldas høgdepunkt med offentleggjering av Årets Bondaling. Som ikkje uventa så vart Årets Bondaling Knut Hustad, for sin innsats på portal og i bygda. Her vart det spesielt framtekje hans store innsats på Hjørundfjordportalen og sin folkeleg forteljande skrivemåte. Vi viser her til eige innslag: http://www.hjorundfjord.no/?side=nyhende&nyhende=1633

Knut Hustad
Knut hadde nok fått forberedt seg på dette, og gjekk på talarstolen og takka nemnda i BFUL for hederstittelen, og han var både stolt og glad. Han fortalde om at det stundom har vore tunge stunder i arbeidet på portalen, og det er ikkje alle tider det er like lett verken å verte einige eller finne bilete eller tekst som høver i alle samanhengar, men når alle er positive så ordnar det meste seg til slutt. Og han har merka stor forskjell no i den seinare tid kor positive folk er når han kjem med kameraet og dei forstår han vil skrive om dei på portalen. Det er sjeldan nei å få.

Noko som går igjen er tidspunktet å skrive på som viser at det er mykje nattarbeid, og dei fleste sakene er lagt ut ca.01.22. Ein kan også kome i skade å referere feil og då kjem tilbakemeldingane fort. Eit døme var når han skulle skrive om løfsebaking, og på spørsmål til Torill Årseth så nemnde ho at mannen Kjell-Arne var glad i snikaløfse og han hadde ein kammerat som kunne bake. Dette hadde vorte oppi, at Kjell Arne var ekspert på å bake løfse. Men ikkje misforstå ba Knut om, det er ei stor glede å skrive på portalen.

Ei sak som folk har sett pris på er bussen vår ”Ingvild”, og når den kjem på vegen att etter brannen, skal nok portalen skrive om og kva som er brannårsaka i eit høveleg innlegg. Var det daukøyring som var nemnt skal tru?

Knut takka tilslutt alle som deltek i kommentarar og skriving av artiklar og nyhende. Det er ei glede å lese, og skrivegleda er stor. Han måtte nemne tilslutt dei damene som hadde spesielt merka seg som Mari-Anne Bjørdal som den trufaste slitaren, både i Idrettslaget og å skrive om den flotte innsatsen til handball og fotballjentene. AnnHelene Urkegjerd og Inngvild Aambakk sine strikkeklubbinnslag, Bodil Skare sine fjelltrimmturar, Kari Stokke sin artiklar om skulekorpsa, berre for å nemne nokon. Vi saknar mannfolka og dei yngre, men her har vi i portalen ein jobb å gjere.

Det neste hovudinnslaget som folk venta på var opplesinga av lagsboka, og her var Kjell-Arne Årset som hadde ansvaret. Han måtte tilstå ovanfor forsamlinga at han hadde måtte be om hjelp her, men på dei vilkåra at han ikkje skulle røpe kven det var. Innhaldet dekte mykje av hendingane som hadde vore i 2007 for Bondalen.Boka opna med:

God kveld godtfolk:Då de skulle ha gått heim etter tredjedagsfesten i fjor, gjorde de ikkje det.---  Og slutta med: Det var så vidt nemnt her i starten, at våpen er ei farleg sak. Difor er oppmodinga frå oss: Etter festen er ferdig i dag, går de rett heim att.
Ha ei framleis god jul, og eit godt nytt år.

Vi henviser til lagsboka der den er lagt ut i full format.

Etter lagsboka var det utdeling av vinnaren på julekalendaren 2007 som gjekk kvar dag i Desember før jul på Portalen. Det var Kjell- Johan Årseth som hadde laga denne kalendaren og det var gjort rekord mange søk, så folk forstår no korleis dei skal bruke portalen. Premiane var det Sparebank1, Ose& Aarseth As og Tussa som har gitt.

Magnar Leknes

Magnar Leknes t.v.
Ivar Svein Mo delte ut premiane og 1.premien gjekk til Magnar Leknes, 2.premien gjekk til Trond Åge Osvold og 3.premien gjekk til Sondre Kristoffer Mo.
Det var kun Magnar Leknes som var tilstades på festen og han møtte opp og tok imot sjekken på 1000kroner frå Sparebank 1.
På spørsmål om det var vanskeleg, så måtte han berre vedgå at det til sine tider hadde vore håplaust å finne rette bilete. Og det som var mest irritererande var at han ikkje greidde å identifisere Knut J. Riise når det var han, for det var ein person som han rekna med måtte kome.

Les meir om konkuransen og premiane her.

Etter eit lite innslag gåter med Helge og bileter med Knut J. fekk vi fullt trykk med den nye teategruppa til BFUL. Det fyrste innslaget var frå Sæbø der to kjerringar var opptekne av storebølgja som ville kome, og ordføraren møtte opp med målestonga for å vise kor høgt den ville gå.

Janne Solhaug, Therese L.Holen og Marius Riise
Janne Solhaug, Therese L. Holen og Marius Riise som ordførar.


Det neste innslaget fekk vi oppleve også to ”kjerringar” Den eine var ei trufast dame som sat heime og venta på  mannen, Hjørund Fjord, som var på fjelltur med sitt fantastiske skiutstyr. Sofaen var i dårleg forfatning p.g.a.dårleg vedlikehald og ho fekk besøk av ei veninne som elska kjøpesenter. Etter ei stund kom Hjørund heim og måtte omgåande på portalen for å sjå etter ein viss Knut. Fingrane var blåfrosne så kona måtte hjelpe til og her fekk vi ei god innføring i korleis vi skulle skrive artikkel på portalen. Og brukarnamnet var som kanskje nokon har merka seg i den siste tida: "Hjørund Fjord, Fjord Fjord, Fjord"

Siw og Unn
To "Kjerringar" Siw Lillebø og Unn Frøland. Bak John Inge Leira Bjøringsøy

Hjørund Fjord og portalen
Hjørund er komen i sofaen og kona skriv på portalen.Yngve Frøland og Siw Lillebø 


Teatergruppa fekk stor applaus og det var nok einkvan som kjente ein eller anna som var framstilt her.

Den siste posten var no den som somme venta og frykta, no var nemnda for 2008 offentleggjort og det vart:

Eve Myhre Holen (leiar), Ingvild Flatnes, Gry Valseth, Tore Stokke, Mie Stokke, Ann Lisbeth Eidem, Bodil Skare, Rolf Egil Riise, Arne Johan Hustadnes, Gerd Hustadnes, Stig Harald Myklebust, Karl Asgeir Sæbønes, Elisabeth Sæbønes, Ruth Pedersen, Edit Flak Nordang, Jon Arne Nordang, Johan Arnt Leknes, Heidi Gullstein, Irene Volle Hustad og Tom André Holen

Til avslutning før middag var det sunge ”Det lyser i stille grender” Her spela John Inge Leira Bjøringsøy til på piano.

Etter ei sprekk i timeplanen fekk ”Kiles” starte dansen kl 00.

Maten vert servert
God gryterett med oksekjøt vert servert.

Middag på julefesten 2007
Middagen er i gong. 

Middag julefest 2007 II
Ungdommen er også på plass. 

Jenter 2007

Nemnda 2007
Nemnda 2007 treng også mat.

 

Nemnda 2007 II
Framme Per Myrhol, Arild Årseth, bakv.Egil Ove Tvergrov og Lars Petter Strandmann

Dansen i gong
"Kiles" har kome i gong med dansen kl.00 

Knut,Anne og Askjell
Knut Riise, Anne Hustad og Askjell Hustad. Men kva er det som er problemet Knut og Askjell? 

Arve og Linda

Og etter midnatt måtte vi sjølvsagt bort å ta bilete og gratulere Linda Stokke med 30.års dagen. Her er ho ilag med sin samboar Arve Rødvik. Gratulere Linda.