Eg må vedgå at eg vart litt nysjerrig då eg i morgontimane oppdaga denne juksesnømannen med innlagt lys.  Kva var det han kika etter?

IMGP1738 (Large)

Er denne rimfrosne plastsnømannen i ferd med å ramle, eller er det noko han passar på?

På tilbaketuren tenkte eg at dette måtte sjekkast og akkurat - det var noko han passa på.  Snømannen hadde fått med seg Kjartan Alnes sin hasardiøse og vidgjetne kanotur frå Raudstadvatnet til Saursvatnet i haust.  Nei, vent no litt; kanoturen skulle ende i Saursvatnet, men enda i staden under ei bru og det er denne brua snømannen no passa på...

IMGP1741 (Large)

Snømannen passar på brua.

Mykje tyder på at plastsnømannen vil passa på brua og tilby hjelp dersom Kjartan Alnes på nytt skal finne på å ta ein kanotur.  Han vil nok passa på til over jul i alle fall...

Og så ein liten quiz til slutt - for alle som ikkje bur i Bjørkeområdet:  Kva for ein gard er dette?

IMGP1669 (Large)

Kva heiter denne garden?  Veit du kven som bur her også?