Rundt 200 personar tok del i julemarknaden på Grendahuset i dag.

 

Med ei omsetning på ca. 31.000,- får vi eit overskot som vil gjere oss i stand til å kjøpe eit nytt instrument eller to. Dei instrumenta ungane spelar på no er nesten ikkje brukbare og det øydelegg mykje for spelegleda.

 

Vi hadde besøk av Bjørke hornmusikk og Dalane skulekorps. Aspirantane i dei tre korpsa spelte innleiingsvis og vi som er foreldre er imponerte over kor flinke dei har vorte.

 

Meir flott musikk fekk vi ved Dalane skulekorps, Sæbø skulekorps og Bjørke hornmusikk.

 

Vi synest arrangementet gjekk svært fint, men hadde ikkje klart dette utan den gode hjelpa vi har fått frå korpsvener som har baka kaker (også glutenfrie), steikt sveler og skillingsbollar, kjøpt tombolagevinster, gitt oss andre flotte gevinster og ikkje minst tatt på seg å hjelpe oss med sal av mat og lodd under arrangementet og opprydding underveis og etterpå.

 

Rune Mo ordna med god lyd, programleiaren Knut Hustad heldt oppe stemninga og det var nok mat og lodd til alle.

 

Jostein Kvistad og Oddvar Olsen stod for trygg transport fra Bjørke og Sæbø. 

 

Det vart ikkje tid til å ta bilete i dag, men Bernt Arve har knipsa nokre ser eg.

 

 

Takk igjen for all støtte!