I haust brukte Border Collie-hunden "Turte" tida til m.a. å hente sauer til eigaren Odd Bjarne Bjørdal.  At ho på denne tida også var drektig med åtte små kvelpar, var det få av oss som la merke til.  Men på sjølvaste julaftan fødde ho åtte, fine kvelpar hos Odd Bjarne på Eide i Bondalen.

IMGP2019 kopi (Large)

"Trulte" fekk åtte kvelpar på julaftan.

Desse åtte små har god avstamning.  Bestemora til kvelpane er "Sandra" - gjetarhunden som Odd Bjarne, og andre av oss, har hatt stor glede av i fleire år.  "Sandra" har fleire syskjen og to av dei er noregsmeistrar for sauehundar.  Faren til kvelpane heiter "Asgeir" og er frå Vinstra.  Også han er av svært god avstamning.

IMGP2005 (Large)

"Turte" og dei åtte kvelpane.

Også "Turte" er fødd hos Odd Bjarne på Eide, men han selde henne til gjetarhundfolk i Gudbrandsdalen.  For eitt år sidan kjøpte Odd Bjarne hunden tilbake.  "Turte" fekk no sitt andre kull med kvelpar - to tisper og seks hannhundar.  To - tre av kvelpane er allereie selt, men Odd Bjarne opplyser at det berre er å ta kontakt om nokon vil handle ein.  Alle kvelpane er i alle høve i god form.

IMGP2011 (Large)

Det vil enno gå ei tid før kvelpane opnar augene sine, men søte er dei likevel.  Det er eigaren, Odd Bjarne, som held kvelpen.