Vi har vore på bygda og blitt lova hjelp av dei få som er igjen av Bondalen hornmusikk. Gode korpsvener har og sagt seg villige til å hjelpe oss med kjøkenteneste, matsal og programleiing. Det hadde vore fint om vi kunne få hjelp av nokre få personar til.

Om nokon kan tenkje seg å støtte oss med tombolagevinstar, eller ei kake, vert vi glade for det og. Vi skal sørge for nok mat til marknaden, men det hadde vore greitt om vi kunne sleppe å bake tre kaker kvar...

Dalane og Sæbø

Dette skal verte ein kjekk ettermiddag i adventstida og vi håper på godt frammøte:

Kl. 15.00  Lysmesse med årets konfirmantar i Hjørundfjord kyrje.

Ca. kl. 15.45/16.00 Tenning av julegrana på Sæbø. Bjørke hornmusikk spelar.

Om nokon vil slå følgje med hornmusikken går Hjørundfjord frå Bjørke kl. 15.15

Pris tur/retur Bjørke-Sæbø-Bjørke kr. 100,- pr. person.

Umiddelbart etter tenning av julegrana vert det marknad på Bondalen  Grendahus.

Bjørke Hornmusikk og andre som ikkje køyrer sjølve vert frakta til Grendahuset med buss.

På Grendahuset vil vi få musikalske innslag frå Bjørke hornmusikk, Dalane skulekorps og Sæbø skulekorps. Kan hende har dirigenten meir på lur.

Sal av mat og lodd. Vi har fått fine gevinstar!

Etter marknaden går buss og båt i retur til Sæbø og Bjørke.

For Sæbø skulekorps

Kari Stokke, leiar

Tlf. 915 69 591