Snart er den siste på plass

Her heng siste bogen i krana til Bøstrand, før den vert plassert og skrua fast.

FB har også fått på plass rigelane, som taket skal festast til. I reportasjen for straum til FB sin fjøs hadde K.Hustad unngått å få med eit bilete av fjøsen, som er endå større enn denne.

Mandag tek dei til med å få på plass betongelementa som dannar ytterveggane. Får prøve å få knipsa eit då. Tidlegare skreiv eg at betongelementa skulle kome frå Jæren, men dei var ikkje leveringsdyktige. Så dermed kjem dei frå Rauma, og er minst like bra med langt mindre transport.

Det er for tida glimrande arbeidsver, så eg tippar at FB sin fjøs kjem under tak til jul? Berre det ikkje kjem snø.

Polakkane i Kvistadliften

Som ein ser er  liften frå Kvistad  inne på markedet att, etter ein pause. Den frå Volda som hadde større rekkevidde, var ikkje heilt å lite på. Den kunne ikkje konkurrere med Jostein sine garantiar når det galt driftsikkerheit.

Rigelskruarane er frå Polen, og driv på med tusenvis av sjølvborande skruar.

Det går bra å kommunisere med dei, for den eldste, Janus, snakkar bra norsk.

Jazeck og Janus

Jazeck, til venstre og Janus. Dei er brør, og svært arbeidsomme karar.

Eg skal kome tilbake med ein del meir bilete når arbeidet kjem vidare. Kanskje skal eg skaffe meg løyve til å ta bilete av FB fjøsen også?

------------------------------------------------------------------------------------------

I dag då eg kom frå setra stoppa eg og fekk ta eit par tre bilete på FB.

Jørn Wille Lars Olav Tvergrov og Ole Johan Rekkkedal i FB

Jørn Wille Lars Olav Tvergrov og Ole Johan Rekkedal i gang med å gjere alt klart til å få på plass betongelementa. Dei ser stygt på meg som har ski på taket på ein "arbeidsdag".

Kandal Bygg startar å få dei på plass i morgon mandag. Dei står opprada rundt bygget på flak a 4 stk. Problemet har vore å få mobilkran, for det må til då dei tyngste elementa veg 6 tonn.

FB

FB har fått rigelane på plass, men det står ein del att før taket er tett.

Jostein Kvistad snakkar om fjøsdansegalla på Riise, men det går inn meir folk her framme. Dessutan har det vore dansa mykje i granskogen attmed FB. Så det er nesten dansevigsla jord fjøsen står på! Siste dansen på Trysetplattingen var nok i 1962-63, tippar eg. Eg nådde så vidt tak i dei siste dansane, utan at eg våga meg frampå. Nykomfirmert som eg var på den tida.