Etter oppfordring frå Møre-Nytt skreiv eg "noko som kunne brukast i julenummeret".  Eg valde å skrive om ramnen.  Artikkelen stod på trykk i avisa sitt julenummer den 22. desember i år.  Då eg vart gjort kjend med at Møre-Nytt ville nytte seg av ein teiknar til å illustrere artikkelen, oppmoda eg om at Marita Bett Jensen frå Bjørke vart nytta.  Avisa tok oppfordringa til fylgje og det er eg svært takksam for.  Klikk på teikningane og få dei i stor utgåve og de forstår kvifor.... 

Ikkje alle sviktar

I august reiste turistane og ei dotter flytte ut av huset.  Den 28. september forsvann den siste linerla frå tunet og då snøen kom i november fòr dei siste trastane.  Hausten er ei trist tid

 

Men vent, det er ikkje alle som sviktar.  Når dei fleste trekkfuglane pakkar snippøskjene og fer, er det ein annan fugl som kjem.  Ok, kjem og kjem…  Fuglen er ikkje så langt vekk, men den 10. september stig han ned til folket.  Resten av året heldt han seg i fjellheimen. Tek du ein fjelltur - vinter eller sommar - og har disponert kreftene slik at du orkar  å bøye hovudet litt bakover når du kjem til topps, ja, då ser du  truleg fuglen rett over deg.  Du høyrer ikkje ein lyd, men han er der og det skarpe blikket hans er retta mot noko som han evt. kan ete.  No er det kanskje feil å seie at du ser fuglen – fuglane er vel meir korrekt. Dei er nemleg som oftast to.  Desse fuglane kan verte  opp til 50 år gamle og den held saman med den same partnaren i alle år.  Slikt noko likar vi vestlandske pietistar. 

Hjortejakta

Fuglen vi snakkar om er sjølvsagt ramnen – Corvus Corax.  Den største og flottaste kråkefuglen av dei alle.  Klokast er den også – og presis.  Det er velkjent at Lundefuglen kjem inn til Lofoten ein bestemt dato, men ramnen kan du nærast stille klokka etter.  Den 10. september ca. klokka 09 er han her.  Og etter den tid dukkar han opp med jamne og ujamne mellomrom heilt fram til 15. november.  Er det noko kjent med desse datoane?  Akkurat – hjortejakta startar den 10 september og sluttar den 15. november.  Det er denne tidsbolken som også er den gourmetiske høgtida for ramnen.

Hjort

For full musikk.

Den fyrste hjorten vert alltid skoten i morgontimane den 10. september, så vert den slakta og slakteavfallet vert køyrt til ”et dertil egnet sted”, som dei sa i Forsvaret i gamle dagar.  Og så kjem ramnen - klokka 09.  No glir han ikkje elegant og lydlaust slik han gjer over tindetoppane.  Nei, han er klar for åtak og kjem nærast for full musikk.  Og fleire kjem i lag – med skrik og skrål.  Meininga er sjølvsagt å jage vekk dei ufine kråkene som gjerne prøver seg på avfallet før ramnen er på plass.  Kråkene trekkjer seg klokleg eit stykke unna når dei høyrer den større artsfellen.  Dermed kan ramnen nyte sitt kanskje første, skikkelege måltid for året.  Eit måltid samansett av  tarmar, innvolar,  gor og alt det andre gode som han finn.

Tarmar og innvolar

No er gjerne ikkje ramnen heilt nøgd med desse første måltida i hjortesesongen -  han skulle bokstaveleg tala  hatt litt meir kjøt på beina, men det får han  seinare i jaktsesongen. Det kjem vi tilbake til. Men no i første omgang er det viktig å få i seg dei godbitane som er,  sjølv om det gjerne vert litt riving og sliting i tarmar og andre innvolar så gora skvett.

 

No vil nok ein del grine på nasa over dette slakteavfallet – skal ikkje dette plasserast borte hos han Herr Vør i Hovdebygda?  Tja, eg er ikkje sikkert, men trøysta må vere at berre to-tre timar etter at det er plassert der det er, så er det borte.  Smitt og smule.  Ingen ting er att etter at ramnane har fått sitt og kråkene  gjort den siste finpussinga av området.

Fullmåne

I slutten av oktober var månen på sitt største.  Han hadde visstnok ikkje vore så stor på mange år og det vart  godt lys – godt lys  om natta, godt lys også for ivrige hjortejegerar.  Dermed vart mange hjortar vart felt på kort tid – og tilsvarande mykje mat for ramnen.  Han kunne gå frå julebord til julebord.  På slutten av hjortejakta tek også jegerane og andre som får kjøt frå hjorten til å bli godt nøgde.  Dei fine biffane og filetane vert beina ut og det mindre gode – ei sundskota ribbeside eller ein gjennomhola bog, vert berre plassert på dette ”dertil egnede stedet” saman med slakteavfallet.  Og no får ramnen ynskje sitt oppfylt – ynskje om meir kjøt på beina.  Men dette kan også gå gale. Det veit den som går på mange julebord.

Ramnen på vegen

Siste dagen i oktober hadde eg eit ærend inne i ein setredal.  Eg køyrde stasjonsvogna mi.  På eit bestemt område konstaterte eg at der var mange kråker og ramnar.  Eg forstod kvifor.  Dette var kort tid etter den fine måneskinsnatta.  Det var sludd i lufta og sikta heller dårleg,  men plutseleg oppdaga eg han oppe i ein bakke rett etter ein sving – ramnen på vegen. Det var tydeleg å sjå at han hadde kara seg bort på vegen frå ein ”slakteavfallplasseringsplass” ikkje langt unna.  Ramnen var stor, svartglinsande og flott. Den gjorde fyrst ingen teikn til å flytte på seg.  Eg trykte inn clutsjen og bremsa etter beste evne.  No skjedde det fort.

Full gass.

”Det var kun en ting å gjøre”, tenkte nok ramnen og hadde songen til Odd Børretzen i bakhovudet.  Han gav gass, dvs. han oppdaga at han ikkje kunne gå ut av vegen raskt nok for å unngå ei påkøyrsle.  Difor gav han gass, dvs. tok  laust og  sprang nokre steg nedover vegen samstundes som han flaksa kraftig. Han hadde nok innsett at skulle han kome seg oppatt i lufta på ein rask måte, måtte han gjere det ved å ta i bruk vegen som rullebane. Problemet var berre at han no hadde  kurs rett mot bilen min.

Fortviling i blikket.

Heldigvis hadde eg fått stoppa bilen og berre få meter frå bilen klarte ramnen og lette.  Han hadde griseflaks.  I staden for å verte klistra mot grillen på bilen, kom han seg akkurat over panseret og vidare mot frontruta mi.  Landingshjula, dvs. føtene, var framleis nede, men vengane gjekk for fullt.  Instinktivt dukka eg. Det skulle berre mangle, i fylgje fugleboka mi er ramnen ca. 65 cm lang og har eit vengespenn på 115 – 130 cm. 

ravn1

 

Eg møtte likevel blikket hans rett før det såg ut til at fuglen skulle deise rett inn i frontruta.  I auga til ramnen såg eg djup fortviling, men eg såg også eit visst håp – eit håp om at dette skulle han greie.  Og det var som eg trudde – ramnen hadde kort og godt forete seg på slakteavfallsplassen.  Eg fekk nemleg med meg at kulen på magen til ramnen var svær.  I fylgje den same fugleboka kan ramnen  verte opp til 1,5 kg.  Denne var nok eit kilo meir. Minst.

 

Ramnen hadde framleis flaks.  Ikkje berre fekk han hovudet over panseret, han fekk -  så vidt det var -  også hovud og kropp over frontruta  mens han framleis flaksa febrilsk.  Han forsvann no mellombels ut av synet mitt, men eg høyrde han var ned i taket med føtene nokre gonger. Han tok nokre kraftige fråspark før han kom heilt bak på taket på bilen..  Endeleg hadde han luft under heile seg.

Bjørka var målet.

Eg gjekk no ut – eg måtte få med meg resten av dramatikken.  Ei stor bjørk lenger nede i bakken var tydelegvis målet til ramnen. Og han ville  kome seg høgast råd opp i  treet – treet der det allereie sat fleire ramnar og ikkje minst kråker.  Han tok sikte på ei grein der det allereie sat ein annan ramn – sikkert overfylt han også.  Men ramnen ”vår” var nok litt vel optimistisk.  For det første er ikkje ei bjørk, eller eit anna tre, ein vanleg sitjeplass for ein ramn.  Nei, ein ramn trivst best på eit fast underlag, t.d. ei  fjellhylle eller på toppen av ein varde.

 

No skulle altså den overvektige fuglen plassere lekamen sin ytst ute  på ei heller tynn grein.  Det måtte gå gale.. Han kom ikkje høgt nok opp.  Likevel såg eg at han strekte fram føtene for å gripe tak i greina før landing.  Han fekk tak i greina, men  vart for baktung.  Ramnen fekk ikkje kroppen over føtene. Dermed vart greina meir som ei svingstong å rekne.  Ramnen vippa bakover og etter litt flaksing og gynging fram og tilbake, vart han hengande  under greina.  Kva no?

Som ei skadeskota kråke.

Som nemnt var denne greina heller  tynn sjølv om bjørka var stor.  Greina tok dermed til å bøye seg nedover p.g.a. vekta  av den  svært så tunge fuglen.  Ramnen som sat lenger inne gjorde ikkje saka betre, eller meir presist; greina sterkare.  Greina heldt ein fugl, men ikkje to. Ho gav etter for tyngda og  bøygde seg  raskt nedover.  Ramnen lenger inne greidde  å klamre seg fast, men ”vår” ramn misste taket og datt nedover kast i kast frå grein til grein.  Han datt som ei skadeskota kråka.  Det kom ikkje ein lyd frå dei andre fuglane i treet.  Ville det gå bra?

 

Heldigvis vert greinene på ei stor bjørk tjukkare etter kvart som ein kjem lenger ned på treet.  Det berga fuglen.  Den siste greina før bakken var så stor og stiv at fallet til ramnen vart stoppa. Han vart liggande oppe på greina – tilsyndelatande livlaus.  Men så fekk han summa seg.  Den kara seg opp på føtene, kraup  lenger innover greina og kom seg så opp på dei tynne føtene sine.  Så såg eg at den strauk seg over panna med den eine vengen.  Tydelegvis tørka den sveitten og pusta ut.

Ramnen heldt seg fast.

Eg vart sjølvsagt glad på ramnen sine vegne.  Deretter køyrde eg vidare innover dalen og gjorde ferdig ærendet eg hadde.  Då eg kom heim att, var alle fuglane borte frå den store bjørke - med unnatak av ein.  Den overfylte ramnen sat på den same greina, men no heilt inne med stomnen.  Eg trur også at han heldt seg fast.  Han innsåg nok no at han hadde teke inn litt mykje julemat og at han måtte vente til naturen hadde fått gjort sitt slik at vekta kunne få gå litt ned.

ravn i tred1

Etterskrift.

No kan vi  sjølvsagt kritisere ramnen fordi han var så dum og åt alt for mykje, ja, han åt så mykje at faren var stor for at han kunne ende sine dagar under eit bilhjul.  Men vent, underteikna er her villig til å ta litt sjølvkritikk.

 

I slutten av april var vi fleire som hadde ein flott skitur på Skårasalen.  Så flott var mjellsnøen at ingen ein gong tok seg tid til å ete nistematen.  Nei, ikkje ein liten sjokoladebit vart fortært på toppen.  Målet for alle var å køyre først ned i det som no gjerne vert kalla jomfrueleg puddersnø.  Det vart m.a.o. ikkje tid til mat før vi var komne vel ned til Gullbjørg på Skår

Ikkje ein smule.

Denne kampen om å vere først, tapte underteikna.  Som sistemann kom eg tilfeldigvis til å sjå meg bak  litt nedanfor for toppen.  Eg ramn flaug då berre få meter over toppområdet – han saumfor kvar ein centimeter, men ingenting fann han. Han fann ikkje ei skorpe, ikkje ein ostebit.  Nei, han fann ikkje noko som helst korkje til seg sjølv eller frua,  frua som no sikkert låg på reiret ikkje langt derifrå.  Eg kjenner meg viss på at denne ramnen og ramnen som nyleg foråt seg,  var/er den same.  Kva gjer ein når ein har vore holsvolten i månadsvis og så kjem til det store matfatet?  Svaret gjev seg sjølv.

Legg att litt mat.

Moralen i denne historia er sjølvsagt at når vi tek oss ein fjelltur – framleis sommar eller vinter – så må vi tenkje på vår store, flotte, svarte og glinsande renovatør.  Legg att litt ved varden slik at han får noko å bite i.  Om ikkje anna legg at ei lita skorpe med brunost.  Såpass fortener han.

  

Knut Hustad

P.s.  Takk til Marita Bett Jensen som har gitt løyve til at desse teikningane kan nyttast også her.

d.s.