Kampen mot Sykkylven starta godt. Jentene kom godt i gong med fint spel og mange sjansar der dei fleste gikk i mål. Til pause leda jentene 5-12.
Det einaste minuset var at der ikkje var to dommarar, noko som gjorde at kampen vart stoppa unødig og Sæbø/Åmdal-jentene fekk ikkje utnytte farta si.
I andre omgong brende jentene mange sjansar men kunne likevel gå av bana med siger 27-12!
Eit lite spørsmål frå sekreteriatet: "Er det rett at fem spelarar heiter Stokke?"
Måla kom ved Malene 7, Liv Grete 5, Else Marie 4, Karoline 3, Tiril 3, Elisabeth 2, Sara 1, Torill 1 og Kathrine 1.


forsvar4
Forsvar, Malene, Hanne, Liv Grete og Sara.

forsvar5
Malene, Liv Grete, Else Marie, Sara, Torill og Rebekka.



Før kamp
Liv Grete og Else Marie rakk ein barnedåp søndag før kampen. Her med dåpsbarnet Theo Aleksander etter at dei har skifta "bunad"!

Søndag var det klart for tur til Fosnavåg for å spele mot Bergsøy.
Dette vart ein heller "rotete" kamp der jentene ikkje fekk spelet til å fungere.
Midt i første omgong låg Sæbø/Åmdal under 2-5 og jentene var stressa. Pauseresultatet var 7-8.
Andre omgong forsette i same stil til jentene plutseleg "vakna" i andre halvdel av omgongen. Sluttresultatet vart 17-13 og siger til oss.
+ til Sara, Kathrine og Rebekka i forsvar.
Målskårarar: Malene 8, Else Marie 4, Tiril 2, Elisabeth 1, Torill 1 og Liv Grete 1. Rebekka stod godt i mål og hadde 23 fine redningar.


Lada2
Ein ødelagt Lada kan brukast som utgangspunkt for blant anna:

Lada
Lagbilde! På taket Marita. Fv.og rundt bilen: Kathrine, Rebekka, Hanne, Karoline, Else Marie, Liv Grete, Torill, Malene, Sara, Tiril og Elisabeth.