Åmdal administrerar begge desse samarbeidslaga men Sæbø er godt representert med fem spelarar på det yngsta laget og tre på det eldste.

J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta2 består av spelarar f. 94 og 95 frå Åmdal og Sæbø. Dette er eit ungt lag og fordi der er berre 9 jenter som er kjerna i laget "lånar" dei i enkelte kampar spelarar frå det eldste laget.
Kampane i dag var mot Rollon2 og Skarbøvik2. Første kampen starta jamt og jentene kjempa godt. I siste del av kampen rykte Rollon frå og det vart tap 15-9.

DSCN3255
Pause mellom kampane. Første rad nærmast: Lisabel, Mari (1 mål) og Maria.
Rad to:
Jannicke (1), Nina (2 mål + god førsteomgong i mål) og Solveig. Rad tre: Trenar Elisabeth, Silje, Elen Maria (1) og Ragnhild (4).

Andre kampen mot Skarbøvik2 var jamn og det vart eit knepent tap 5-6. Emilie Kathrin var også med på denne kampen. Målskårarar: Mari 1, Jannicke 1, Ragnhild 1, Nina 1 og Silje 1.
Flott jenter!

J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta består av jenter f.93 frå Åmdal, Sæbø og Ørsta, og dei spelte mot Aksla og Aksla2. Første kampen starta i stort tempo og var jamn i første halvdel av første omgong før Å/S/Ø rykte frå. Pauseresultatet var 15-10 i vår favør.
Andre omgong fortsette i same fart og jentene viste mykje fint spel noko som gav resultat. Målvakt Monica stod godt i mål + at ho sette eit straffekast sikkert i mål! Sluttresultatet vart 24-16 og klar siger.
Målskårarar: Monica 1, Karen 5, Michelle 5, Malene 6 og Else Marie 7.

mot mål
I fint driv mot mål. F.v. Emilie, dommaren, Aina, Malene, Else Marie, målvakta til Aksla og Karen. Det vart mål!

I andre kampen mot Aksla2 fekk ikkje jentene til spelet. Dommaren (ikkje den same som forrige kamp) brukte fløyta altfor mykje (etter mi meining!) og hindra jentene i å bruke farta si. Else Marie fekk dessutan "på seg eit frimerke" som det var veldig vanskeleg å bli kvitt og Malene fekk to merkelege to minutt... + at jentene hadde mange merkelege pasningar og brende tre straffekast!
Kampen var jamn heilt til siste del av andre omgong då Aksla rykte frå med to mål. Men: siste fem minutta kjempa jentene godt og kunne gå av bane med siger 14-12! Flott!
Målskårarar: Michelle 1, Aina 1, Emilie 2, Else Marie 2 og Malene 8.

J14 aina
Aina vart stygt felt og fekk straffekast. F.v. Else Marie (med frimerke på), Ingeborg og Aina.

 

J14
J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta bak f.v. Karen, Michelle, Else Marie, Hanne, Elise, Emilie og Aina. Framme Emilie Kathrin, Ingeborg, Susanne og Malene. Fremst Monica.

ferge3
Julestemning på ferga og då må det selvfølgeleg handlast. Karen og Malene.

ferge1
Michelle, Malene, Hanne og Else Marie i kø.

ferge2
Martin, Benedicte og trenar Anne Maren!