Litt tips til dei som skal fotografere fyrverkeri i kveld

  • Finn ein god plass for fotograferinga før det vert mørkt,  det er lettare å finne ein god plass i dagslys. Test helst ut kameraet på nattfotografering kvelden før. Ta med ei lommelykt, det er vanskeleg å montere å stille inn utstyret når det er mørkt.
  • Ta med stativ, ein klarer ikkje å få skarpe bilde med lukkartid mindre enn 1/60 sekund. Når ein tek bilde av rakettar bør lukkartida vere mellom 2 og 10 sekund.
  • Om du har fjenstyring så ta med det. Det vert bevegelse i kameraet når du trykker på utløysarknappen. Til og med når spegelen på eit SLR kamera opnar seg vert det bevegelse.
  • Still inn kameraet ditt inne i gode og varme omgjevnadar før du går ut. Det er lurt å tenke i gjennom instillingane du treng i god tid. Sjansen for at kameraet ditt vart brukt i andre og lysare samanhengar er store.
  • Formater alle minnekort, det vil vere trist å stille med fulle kort med favoritt bilda dine som du ikkje vil slette.
  • Hugs at bilde av fyrverkeri er høglysbilde og det er lett at bilde vert utbrent. Det er og lurt å fotografere i RAW-format framfor JPG-format. JPG-formatet  komprimerar biletet og det gjer størst utslag i høglyset mellom det skarpe lyset i raketten som skjer gjennom den nattemørke nattehimmelen.  
  • Når det gjeld lukkartida så må ein prøve seg fram. For kort tid på eit eller to sekund kan gje eit litt pinglete bilde men å overdrive tida kan gje eit bilde som ikkje viser omgjevnaden pga. alt for mange rakettar.
  •  Set blendaren på f8 - f16, i dette området har objektiva best kvalitet.
  • Om du kan stille ISO på apparatet ditt så still det inn på 100 eller lågare. Det er vanleg at ein bruker høgare ISO verdiar når ein tek bilde i dårleg lys. Men når ein tek bilde om natta må ein bruke stativ og då er det ikkje meining i bruke høg ISO. Høg ISO om natta gir berre dårlegare bilde med mykje støy som vil vere ekstra godt syneleg på mørk bakgrunn.
  • Til slutt, ta mange bilete med forskjellige eksponeringar, da er det størst kjangs for et du kjem heim att med gode bilde.
  • Det viktigaste er stativet, mange tome minnekort og ein god plass å stå. Hugs å ta med varme klede og lommelykt.
  • Om du ikkje kan stille inn noke manuelt på kameraet ditt så still det på naturbilde (fjell) for å få fokus på uendeleg, finn god støtte for kameraet.

Lykke til og Godt nyttår.