Det samlar Hjørundfjorden som ein region der innbyggarar, nyfikne og fråflytta kan følge med på kva som skjer i heimbygda si. Det kan være bygging av nytt fellesfjøs på Riise, bestigning av stadig brattare fjelltoppar eller idrettslaget sine unge talent. Dette er nyhende/artiklar som det er positivt og kjekt å lese om/fylgje med på.

 

Nokre gongar er det ikkje kjekt å logge seg inn på hjorundfjord.no. Det er når det kjem surmaga oppgulp fra negative sjeler i bygda og fjorden. Vi som kjem herifra kjenner ofte dei ”lokale forholda” og kan kjenne bakgrunnen for dei kommentarane som kjem. Livet går vidare, neste dag helsar ein likevel på kvarandre på Slettedal,  Bellingen eller kvar det enn skal være.

Men kva den dagen då det sit eit par i fra f.eks Oslo,Nederland eller Langtvekkistan for den saks skuld, som er inne på tanken å kanskje busette seg i fjorden. Som gjerne vil starte med noko nytt her, ei ”sær” verksemd som vi aldri har sett eller høyrt om. Dei kjenner ikkje dei lokale forholda og les kun det som står her svart på kvitt. Tenkjer vi alltid over at faktisk heile verda kan lese smålige kommentarar, sure innlegg og spydigheiter?

  

Eg skal jo egentlig være den første til å innrømme at diskusjonane på portalen er artige, men i det lange løp så tvilar eg på at det har noke hensikt. Det er ikkje all reklame som er god reklame heller, sett litt på spissen. Eg synest det er noko vi bør tenke på, før vi engasjerer oss i debattar/diskusjoner med blanda hell……Er ikkje ein av  meininga med  portalen at vi ynskjer positivt engasjement i bygda? Støtte opp om kvarandre?

 

Kva kan kvar og ein av oss gjere for at fleire skal busetje seg i den flotte bygda vår? Eller for den del: hindre meir fraflytting? Først og fremst må  alle mann/kvinner  gå i seg sjølve for å få ei ”levandes” bygd.

 

-Er vi flinke til å støtte nærbutikkane?

-Er vi flinke til å få folk til å føle seg velkomne til bygda?

-Er vi flinke til å bruke tilboda vi har rett utanfor døra?

 

Ja, nokre er det, men ikkje alle, meg sjølv inkludert!

 

Eit eksempel på det siste..:

Eg har vel vore nokre gongar på hotellet på Sæbø i haust, men kvar er resten av bygdafolket?

Ein kan då ofte telle hjørundfjordfolket på ei hand.

Tilbodet ligg her, men kva den dagen det ikkje er her….Skal vi då klage på at; ”der er jo aldri folk….”

 

Må vi virkelig planlegge eitt år framover i tid for å ha det kjekt saman?

 

Merk: Eg brukar hotellet som eksempel her.

Eg seier ikkje at det går dårleg, berre for å understreke det!!! Takk til Trond og Marit for frisk og positiv satsning!

   

Det er so såre enkelt at ”folk dreg folk”

Dette gjeld i alle samenhengar alt i fra menigheter, bibliotek og til den brunaste pub.

 Kva vil eg  med denne artikkelen? 

Eg er ingen rikssynser a la Kåre Willoch,og eg har heller ingen fasit,  men er dessverre redd for at om vi ikkje legg om stilen litt på portalen, så kan den i verste fall være med på å begrense etableringslysta i Hjørundfjorden.

 For det vil vi ikkje, vil vi vel?