Det har teke litt tid, men no rett over nyttår startar endeleg datakurset som tidlegare har vore omtalt her på Hjørundfjordportalen.  Kurshaldaren vert Anders Roald.

Anders Roald 4

Anders Roald.  (Foto:  Møre-Nytt)

Møre-Nytt sine lesarar har nok i det siste vorte mest kjend med Anders Roald som mannen som lagar Vigra-mòr, men Anders Roald har tidlegare m.a. vore tilsett som lærar ved Sæbø skule.  Før han nyleg vart pensjonist, var han tilsett ved Høgskulen i Volda.  Han bur på Vatne i Åmdalen.

Når vi no har satsa på Anders som kursleiar, har dette samanheng med at han er ein svært folkeleg person.  Han er tilrådd som kursleiar av fleire fordi han snakkar eit forståeleg (data) språk og fordi han er flink til å lære frå seg.

Dette er eit kurs på 20 timar og det må understrekast at det er for nybyrjarar.  Anders vil starte med å lære deltakarane å slå på pc-en.  Kva innhaldet på kurset vil verte, er enno ikkje heilt bestemt, men deltakarane vil få lære  å kople seg til internett og t.d. lese nettaviser.  Deltakarane vil sjølvsagt også få lære å kome inn på Hjørundfjordportalen hjorundfjord.no.

I tillegg vil ein få lære å skrive brev, lagre dette brevet på pc-en/datamaskina og ikkje minst finne brevet fram att etter at brevet er lagra.  Deltakarane vil få kjennskap til Sparebank 1 Volda Ørsta sin nettbank og det å betale rekningar der.  Sjølv om det er vanskeleg å få sende- og motta e-post(mail) frå dataromet på Sæbø skule, vil Anders også lære frå seg litt om dette.

Pris:  Enno ikkje bestemt, men ikkje over kr. 500,-.

Stad:  Dataromet på Sæbø skule

Tid:  Oppstart truleg 2. veka i januar - ikkje på torsdag.

Kurset vil starte klokka 1900.  Det vert kurs ein gong i veka og kvar kurskveld varer i tre timar - frå 19 til 22.

Kurset er først og fremst tenkt for vaksne folk og oppover i alder.

Kurset vert på mandagar, tysdagar eller onsdagar.  Du vil få nærare beskjed om ikkje lenge.  (Er det nokon av desse dagane som absolutt ikkje passar, gje beskjed.)

Alle som også har meldt seg på tidlegare må melde seg som deltakar på nytt.  Påmeldding til Knut Hustad, tlf. 920 39767 eller knut.hustad@tussa.com eller til Ivar Svein Mo, tlf. 902 03236 eller mosveise@tussa.com

For at kurset skal verte noko av, må vi sjølvsagt ha deltakarar.  Alle vaksne er hjarteleg velkomne.

Vert kurset ein suksess, vil vi vurdere å ha eit kurs for vidarekomne seinare.