Årets handballkamp for J16 gjekk i dag ettermiddag mot søsken. Alle spelarane skulle ta med eit søsken kvar om dei kunne, men ikkje alle søsken turde, og nokre fekk "låne" av andre. Nokre av dei er aktive spelarar mens andre ikkje har spelt handball på fleire år..

J161_edited-1
J16, julepynta for anledninga! Bak: Karoline (1 mål), Torill, Sara, Kathrine (3), Marita, Hanne og  Tiril. Framme: Elisabeth (1), Malene (6), Rebekka, Liv Grete (3), og Else Marie (5).


søsken2
Søskelaget: Bak: Sivert (7), Marita (6), Eva (1), Elisabeth (3), Benedicte (8) og Linda (2). Framme: Petter (1), Inger-Anne og Anne Maren(4)-(ekstrasøsken, utlånt frå J14 der ho er trenar).

Anna stilte sporty opp som lagleiar for søskena og ho var som dei fleste andre "nervøs". Dette var trossalt ein familiekamp!

før start
Lettare "nervøse" søsken! Kven spelar kvar??

Kampens første mål gikk til J16 og målet blei skåra av Liv Grete mot søster Inger-Anne i mål!

mål
Kampens første mål. Søster mot søster!

kamp2
Linda, Karoline, Benedicte, Anne Maren, dommar Roger, Sivert, Elisabeth og Marita.

Første omgong var heilt jamn, der Sivert sette inn leiarmålet to sekund før pause og søskena leia 13-12.


sekreteriatet
Sekreteriatet er viktig! Dei skal passe på at alt går rett for seg. Ann-Elin og Tore.

Andre omgong fortsatte i same stil til midt i andre omgong. Søskena vart no litt meir sjølvsikre og . Anna ropte frå sidelinja og det virkar som om ho har greie på handball for no gjorde søskenlaget eit rykk! Dei vart mykje bedre i forsvar og Inger-Anne tetta målet heilt til stor fortvilelse for J16.

kamp3
Gode i forsvar! Søster Linda hadde ikkje gløymt gamle kunstar og imponerte!
F.v. Sivert, Torill, Anne Maren, Malene, Linda og Inger-Anne i mål
.

mål1
Malene skårar! F.v. Malene, Tiril, Marita, Eva, Elisabeth, Sivert, Anne Maren, Torill og Linda.

kamp5_edited-2
Rå søsken! Else Marie, Benedicte, Elisabeth, Sara, Anne Maren, Tiril og Sivert. (Dommaren syns visst det er greit!!)

kamp6
Men Else Marie har sterk vilje og riv seg laus og siktar på mål! (trur ikkje det vart mål denne gong..)

Det verste var kven ein skulle heie på! Og å forsvare det når ein kom heim... Resultatet er hemmeleg!

søsken3
Sigersrop frå søskenlaget!

Vi takkar J16 og søskena for å ta utfordringa og så håpar vi alle får ein roleg kveld!

Det viktigaste er ikkje å vinne men å delta!!
(Vi har telt opp 7 spelarar med etternamnet Stokke, kanskje vi skal starte eige handballag??)