Therese og Knut

Leiaren Therese Lystad Holen for BFUL, delte ut prisen som Årets Bondaling. Nemnda hadde begrunna sitt val med at kandidaten i år dreiv bygdemobilisering gjennom hjorundfjord.no slik at alle kunne ta del i stort og smått av det som skjer.

Han skriv lett og godt, og er på plass med blokk og kamera når det er store eller små hendingar. Om det er løfsebaking eller ville fjellturar, så kan folk lese om det på portalen, på ein lett og forteljande måte, og dette vert det sett stor pris på.

Prisvinnaren har fått mykje godord for sitt engasjement, men har også fått tildels krass kritikk.Kritikken har han på ein flott måte tolt, og svingar pennen like fritt til glede for bygda og tildels heile distriktet.
Gjennom sitt utrøtteleg engasjement så får han til diskusjonar som er fruktbare og får folk til å meine noko, om samfunnsviktige saker.

Årets bondaling 2007 web
Knut Hustad er utnemnd som Årets Bondaling 2007!

Knut Hustad er ei verdifull eldsjel, som vi må ta vare på i bygda, og BFUL vil gje Knut ei oppmuntring ved at han vert Årets Bondaling 2007. Dette håper nemnda kan vere eit klapp på skuldra slik han forsetter framover som han gjer i dag. Ved å heidre Knut kan også yngre sjå på han som eit førebilete, og vi kan få fleire som vil gjere ein frivillig innsats.