Vi leverte byggeklar tomt som avtalt 1. veka i august.  Vi var særs heldige med veret då vi traua av molda." Ikkje ein skitflekk på eit hjul", som Asbjørn sa.

Men etter at molda var fjerna har vi fått smake rikeleg med væte.

DSC00024

Bygghøgda på kote 11 m.o.h er på torva der stikka står. Ferdig fjøsgolv.

Klargjering av putestøyping

Forskaling av "puter", som er forankringspunkt for stålbogar og betongelement. Som ein ser er det god drenering  i grunnen, sjølv om det er spilljevatn.

DSC00022

frå venstre Asbjørn Hjorthaug, Gjelsten frå Felleskjøpet, byggeleiar Grønnmyr frå Rambøll, Askjell Hustad, prosjektleiar Gjeving frå Smith Byggern, Anton og Edel Kandal frå Kandal Bygg.

Biletet er teke på dagen for oppstartmøtet.

Vi har skrive kontrakt med Smith Byggern, som står som hovedentreprenør for bygget, som igjen har kontrakt med Kandal Bygg, som står for betong og byggreisinga. Rambøll frå Ålesund har  byggleiinga.

All innreidning vert levert frå Delaval og Felleskjøpet.

Daniel Sårheim

Daniel Sårheim er betongspesialisten i Kandal Bygg.

Det har vore mange støypingar hittil. Dette har vore samkøyrdt med arbeidet på F.B. (Fremre Bondalen) Samdrift.

Vi har hatt eit nært samarbeid heilt frå intensjonsavtalen vart underteikna i desember i fjor.

 Mottoet er: Det som den eine samdrifta oppnår i forhandling, skal den andre også ha!

Det einaste som skil dei to selskapa er stort sett at Sæbø Storfe har 4 medlemar og FB har 5. Difor har FB eit Bygg som er 9,6  meter lenger. Altså 2 modular a 4,8 m.

DSC00012

Flatnes Maskin, som har hatt alt grunnarbeidet, fyller attåt tverrenna, der gjødselen skal skrapast til, og som er ei flyterenne til pumpekummen. Derifrå vert gjødselen pumpa til gjødsellageret.   Daniel klargjer siste forskaling.

Fredag var det hektisk med snømeldingar og snø i lufta. Alle rør måtte leggast og all tilfylling til fundament måtte gjerast ferdig. All overskotsmasse måtte vekk, elles ville det verte vanskeleg å måke eventuell snø vekk. Og vi greidde det!

Snøen trugar

Jonny Flatnes er ferdig med planlagt tilfylling. Berre komprimeriga står att, og det vart gjort fredag kveld.

DSC00010

Taket kom frå Nederland i skap på båt til Ålesund, og vart køyrdt til Bondalen av eit Moldefirma. Heile lengda på taksida i sandwitchelement.

Bøstrand krana. Og det kunne han!

Mandag måka og klargjorde vi tomta.

Torsdag, om det går etter planen, tek Kandal Bygg til med samanskruing og reising av dei 13 stålbogane. (15 på FB er allereide oppkomne).

Deretter skal veggane, som består av betongelement, reisast. Dei kjem frå Jæren på flakhengar.

 Gavlane er av sandvitchelement og er raude av farge.

Vi har fått vore med å bestemt korleis endefasadane skal sjå ut i lag med arkitekten til Smitn Byggern, Og vi er godt nøgde med resultatet.

Planteikning Risefjøsen

Planteikning av fjøsen til Sæbø Storfe. Forsentralen vert mot Sæbø. Ungdyrsida mot vegen.

Risefjøsen fasade

Portane vert mot Sæbø, og nedste tegning av langside mot vegen. Hakket ned i mønet på midten viser kvar  lukene  for den naturlege ventilasjonen vert.

 

Tomt og dyrking 5.nov

Tomta til Sæbø Storfe sett frå Risebakkane. 

jan

Her er tomta til FB sett frå Villadalen. Dette foto: Kenneth Myrhol.