Ingressbiletet viser at Sæbø IL sine utøvarar kan gjere bygda stolte. Det er nemleg jubelbiletet av dei fenomenale fotballjentene som tok bronse i Norway Cup i år - ein av Sæbø IL sine sterkaste prestasjonar gjennom alle dei snart 75 åra laget har eksistert.

I år rykte også A-laget i fotball opp i femte divisjon, og det var stor aktivitet i dei aldersfastagde klassene i fotballen. I handballen er det ein sjeldan stor aktivitet, og utøvarar frå Sæbø IL er i landslagsdiskusjonen på gute- og jentenivå.

IMG_1317

A-laget rykte opp, og er klare for femte divisjon i jubelsesongen.

Gode sportslege resultat er viktig, men for eit bygdeidrettslag som Sæbø IL, er breidda det viktigaste. Å kunne ha eit tilbod til alle er overordna. Det gjeld særleg i barne- og ungdomsidretten. I desse bygdemobiliseringstider må vi stendig minnast om at idrettslaget sine tilbod for barn og unge er med på å gje dei unge eit positivt bilete av bygdelivet.

Barneidrettsgruppa gjer ein kjempejobb i så måte, og også fotball- og handballgruppa. Nytt av året er at idrettslaget har fått ei eiga trimgruppe, med fokus på vaksenaktivitet. I trimgruppa sin regi vert det drive aktivitetar innandørs i gymsalen (vi må snart ha ein ny) og utandørs med måndagstrimmen og fjelltrimmen.

Hand

Det gror godt i handballsporten i Sæbø IL.

Sæbø IL er i høgste grad oppegåande, og er klare for jubileumsåret. Styret i laget drøfta jubileet på styremøte onsdag, og er innstilte på at jubileet skal brukast til å fremje aktivitet. Då er idrettslaget avhengige av innspel. Dei ymse gruppene i laget vil få lov til å ta iniatiatv sjølve, og hovudstyret vil nok også kome med tiltak. Men styret ynskjer å få innspel. Gjerne her på portalen, men også direkte til laget. Sentrale personar er Eldbjørg Tvegrrov, Bodil Skare, Øyvind Taklo og Mari-Anne Bjørdal.

Det første folk vil sjå, er at vi endrar litt på logoen vår i jubileumsåret. Frå 1. januar vil logoen, slik han vert i annonsar i avisene og eventuelt på nye drakter, ha "75 år" på seg. Kanskje vert det også t-skjorter og krus t.d. som markerer idrettslaget sine 75 år.

Over

Trim i fjell og dalar er ein av Sæbø IL sine aktivitetar, sjølv om dette biletet er meir Bjørke IL si ære. Det er frå overgangsturen Finnes - Sledalen.

I ein artikkel på portalen i mars i år, vart det lista nokre idear om tiltak. Desse vert repetert under, men det er berre idear, og ingen forslag. Her må ideane myldre. Velkomne med forslag.

 

Idear - i uprioritert rekkjefølgje:

1)      Veterantunering for menn i fotball på Sæbø stadion. Ymse årgangar av Sæbø-lag sett saman, kanskje  mot andre klubbar i same års- og vektklasse.

2)      Handballturnering for born på bana vår.

3)      Fotballturnering for born, jenter og gutar.

4)      Sjuarturnering i fotball old-bys herrar.

5)      Sjuarturnering i fotball for damer. (Den einaste noregsmeisteren i fotball Sæbø IL har skapt, heiter Katrine Nydahl).

6)      Triathlon: Symjing badestranda til trappa på kaia, sykling frå Sæbø til øvste parkeringsplassen i Kvistaddalen, og løp opp til toppen på Skårasalen.

7)      Badestemne på Kapteinskvia/badeplassen (sjølvsagt i slutten av juli).

8)      Freeride Dalagubben ned til Sæbø om vinteren.

9)      Skiløp frå Heimste-Holen over Keipen og ned Skondalen til Sæbø.

10)  Skiløp frå Follestaddalem samfunnshus opp til Frølandsdalen og ned med målgang Sæbø stadion.

11)   Løp frå Finnes til Sæbø, sommar eller vinter.

12)   Rise rundt og/eller Kvistad rundt: Terrengløp på vårparten med start og mål på Sæbø stadion: Så mykje rampe og gamle vegar som mogleg.

13)   Olavshola opp: Ein mildare variant av Saudehornet.

14)   Sykkelløp for barn og unge med postar (har vi allereie)

Helsing Rune Sæbønes

Nestleiar Sæbø IL