Trenarane våre, Wenche Strand og Åse Lill Leknes, er flinke.

På berre nokre månader har dei lært oss så mykje handball at dei meinte vi skulle få prøve oss på turnering i dag. Blanda lag 2000 heitte klassa vi skulle spele i. Wenche plotta ut ei ferge på rutetabellen og vi sette av garde mot Fagerlihallen.

Der hadde dei fin tribune der foreldra og søskena våre kunne sitje og følgje med på kampane. Det var i grunnen greitt at dei sat der oppe. Dei har det med å rope litt og då er det ikkje så lett å høyre kva trenarane roper:)

Alle skal ha ballen

Når vi speler turnering er det ein regel som seier at vi ikkje kan skyte på mål før alle har hatt ballen. Det er det litt vanskeleg å hugse på alltid. 

Motspelarane våre har ikkje lov til å snappe frå oss ballen når vi driv og kaster slik til kvarandre. Då får vi god tid til å tenkje ut kva vi skal gjere. Vi skal visst ikkje gå eller løpe meir enn tre skritt med ballen i hendene, men det er ikkje så lett å passe på alle desse reglane! Dommarane er no ikkje alltid så strenge med oss... 

 Mur

Når det andre laget har ballen er det viktig å stå i mur med hendene i vêret.

Dette kan vi! Det ser nesten ut som om vi danser litt når vi venter på at dei skal skyte.

 Handballturnering 24.11-07 022

Keeper er med.

Nokre ballar gjekk inn , men dei to målvaktene våre redda mange mål. 

Skudd

Vi er ikkje alltid heilt einige om kven som skal ta imot utkast frå målvakta.

Vil ha mål

Vi vil ha mål, vil ha mål, ...

Og vi fekk ganske mange mål!

Takk for kampen

Vi takker for kampen.

Handballturnering 24.11-07 042

Etter kampane var det premieutdeling. Dei ropa opp namna våre og vi gjekk fram ein og ein og fekk medalje.Handballturnering 24.11-07 043

Vi gler oss allereie til neste turnering og då skal vi få endå fleire mål!