Reisebrev frå Ecuador
 

Vi kom til Quito 29. oktober etter 32 timers reise. Når vi kom fram var vi klare for ein lengre dusj, og vi vart raskt begeistra for hotellet vårt som var ein underleg konstruksjon av speil og vindauge.

lue

Karoline i indianarlandsbyen Otavalo.


Ein av dagane våre i Quito fekk vi guiding rundt om kring i byen. Under denne guidingrunda hende det ein rekke absurde ting. Utanfor presidentpalasset ramla vi tilfeldigvis over president Correa som vart vald i fjord. Han haldt ein tale til skuleelevar om utdanning, og stemninga var stor. Han var tydlig populær blant folket. På det næraste var enkelte av oss jentene to- tre meter frå den sjarmerande presidenten.

 

Ecuador 071 (Large)

President Rafael Correa - mannen med den fine skjorta.

Quito er ein travel by med ein god del kriminalitet. Etter nokre timar med vandring i byen, viste det seg at vi hadde blitt forfølgt av tre damer som venta på ein anledning til å naske sakene våra. Dette fortalte nokre politimenn oss som frivillig hadde utnemnt seg til vaktbikkjene våra. Disse vaktbikkjene skulle Tone hatt med seg når hun var på bar. Veska med kamera, pengar og diverse forsvann. Dagen etter hadde hun fått ein ny venn på facebook, mistenkelig!
Når vi går på gata, for vi blikk, kommentarar og plystring, men ikkje i så stor grad at det blir alt for slitsamt.

Den andre absurde hendinga denne dagen, var når vi ramla over ein reklamefilminnspeling. Spontant vart manuset skreve om slik at vi fekk vere med i reklamefilmen, sjølv om vi aldri bad om det. Det har difor blitt ein del signaturskriving i det siste.

 

Imagen 167 (Large)

Frå sommarfuglparken i den idylliske dalen Mindo.

Utanfor Quito ligge den idylliske dalen Mindo. Her var vi innom både sommarfuglpark, orkidepark og kolibripark. Dagens høgdepunkt var når vi fekk stå på equatorlinja. Her gjorde vi ulike aktivitetar som å balansere eitt egg på eit spikarhovud (noko dokke kan prove heime). Kine var den einaste som klarte dette, grunna sterk vind som øydela for oss resten.

 

Imagen 273 (Large)

Brita Sandal (Ja, ho er dotter til anleggsgartnar Jan Erik Sandal i Barstadvika) på Ekvatorlinja.

I Quito vart det aldri noko serlig varmt, og det var derfor ekstra deili å kome til indianarlandsbyen Otavalo. Her skin sola og vi gaar rundt i t-skjorter og skjørt. Tempoet her er veldig behagelig, og enkelte går kledd i karakteristiske indianardrakter.

 

Imagen 423 (Large)

Mesteparten av tida har Karoline budd saman med ein ecuadoriansk familie.  Her er ho saman med ei sjarmerande datter i familien.

Her i Otavalo bur vi hjå familiar. Alle er svert nøgde, sjølv om det ikkje eksisterar varmtvatn i dusjane, og sengene er laga av murstein. Midt i sentrum av Otavalo, ligg det eit marked som sel alt frå smykke, til store tepper. Laurdagar blir nesten heile landsbyen eit stort marked, der folk kjem langvegsfrå for å selje varene sine. Dette var også dagen da Tone hadde bursdag! Vi starta feiringa om morgonen, med å gå ein tur på dyremarknaden . Eg siterar Kine: ´ Groteskt og grusomt! Aldri meir!

 

Imagen 372 (Large)

Skal det vere ei høne?

Imagen 048 (Large)

Frå ein katedral i Quito.

Vi har no byrja med spanskundervisninga. Sjølv om det går tregt framover, reknar vi med å snakke flytande til vi kjem tilbake. Etter skuletid ligg vi enten på taket til Tone, Brita, Kine og Tale, eller er på diverse severdigheiter.

I dag besøkte vi ein lokal sjaman! (heksedoktor) Frivillig betalte vi 10 dollar for å la ein mann spytte sprit på oss, slå oss med brennesler, gni oss sjølve inn med røyk, og bli blåst på med flammar. Vi lukter dermed ein blanding av herreparfyme og gammal fyll.

Hasta la vista
 

Karoline Hustad

P.s.

I det siste har Karoline jobba på ein barneheim i Quito.  Etter ein tur til Amazonas er ho no på veg til  den mest folkerike byen- men kanskje også byen med mest fatigdom - Guayaquil.  Eg forstår nok - ut av e-postane ho sender - at ho kvir seg litt til det besøket/arbeidet ho skal gjere der.  I den byen skal dei også kome i kontakt med folk som har fått hjelp gjennom mikrokredittordninga.Eg reknar med at vi får vite meir om opphaldet hennar i Ecuador etter kvart.  Det verkar i alle høve som om ho ser fram til kvar ny dag. 

Knut (stolt pappa.)