Etter det Hjørundfjordportalen hjorundfjord.no kjenner til, vert lokalavisa Møre-Nytt i Ørsta frå og med i dag, laurdag 24. november 2007, trykt i formatet 597 x 375mm når den er opna.  Denne storleiken vert populært kalla tabloidformat. Denne lokalavisa, som no i det alt vesentlege er eigd av Sunnmørsposten, vert etter dette  trykt i Sunnmørsposten sitt trykkeri i Breivika i Ålesund.  Møre-Nytt får også fargetrykk. 

Møre-Nytt

Møre-Nytt kjem no ut i tabloidformatet og får også fargetrykk.

Det kan også opplysast at ei av hovudsakene til Møre-Nytt (på framsida) denne historiske laurdagen, er frå Hjørundfjorden. hjorundfjord.no har prøvd å få ein kommentar frå journalist Rune Sæbønes, men har ikkje lykkast.