I desse dagar ser ein kor stålkonstruksjonane hevar seg opp frå grunnen på tomta til Fremre Bondalen samdrift på grensa mellom Rekkedal og Tryset. Men store anlegg krev mykje straum - eller meir presis:  P.g.a. lang avstand til høgspentlinja og dermed fare for spenningsfall, vel kraftselskapet Tussa i samarbeid med samdrifta, å legge høgspent nesten heilt fram til fjøsdøra.

IMGP1351 (Large)IMGP1354 (Large) 

Jan Rune Ville(t.v.) og Ole Johan Rekkedal, er begge linjearbeidarar i Tussa og medeigarar i Fremre Bondalen samdrift. 

Men det er ei ufordring; høgspentlinja ned gjennom Bonalen og samdrifta ligg på kvar si side av rv. 655 og når denne "høgspentlinjeavstikkaren" skal gravast ned i jord, må linja/kabelen også gå gjennom riksvegen.

IMGP1352 (Large)

I høgre del av det mørke feltet, rett over det raude røret, vart det i går bora hol gjennom riksvegen og eit stålrør lagt inn.  M.a. skal høgspentkabelen gå gjennom dette røret.

Dei to linjearbeidarane i Tussa, Jan Rune Ville og Ole Johan Rekkedal, som også er medeigarar i samdrifta, fortel til hjorundfjord.no at Tussa er litt seint ute med arbeidet.  Men problemet også her er stort arbeidspress.  Det aktuelle firmaet som borar hol gjennom m.a. riksvegar og  legg  legg inn stålrør, har svært mykje å gjere for tida.  Trøysta er at resten av høgspentkabelen allereie er graven ned.  Dermed reknar Ole Johan med at samdrifta skal straumen på plass i god tid før jul.  (Mellombels byggestraum har sjølvsagt samdrifta også i dag).

IMGP1357 (Large)

Ein tredje linjearbeider i Tussa frå Bondalen var også på plass.  Her er Jorunn Hauge.