Planet i sør 001

Kva heiter denne stjerna i sør, sør-aust?

I desse dagar, i alle høve når det er klarvêr, ser eg ei kraftig stjerne som lyser inne i Kvistaddalen i morgontimane.  Ho lyser også lenge etter at dei andre stjernene har slokna.  Eg seier meg lei for det dårlege fotografiet - eit fotografi som er teke på frihand i dag ca. klokka 0730.  Plasseringa til stjerna er noko aust for rett sør.

Eller er det kanskje ikkje ei stjerne?  Kan det vere ein planet?  I så fall kva for planet er det?  Og til slutt:  Kva er forresten skilnaden på ein planet og ei stjerne?  Her er mange spørsmål.  Vi treng svar