Prosjektet planleggast finansiert av tippemidlar, gåver og dugnadar. Vi treng ca 1,5 millioner kroner, og i dag har vi samla inn kr. 83.000,- i gåver. Vi søkjer no tippemidlar som del av finansieringa.

For å få Tippemidlar må prosjektet vere førehandsgodkjent av kommunen. Då er det ein fordel at prosjektet er med i kommunedelplanen for idretts- og friluftsliv. Planen er under rullering i år, og det ser ut som vårt prosjekt kjem med som prioritert nærmiljøtiltak i Ørsta kommune. I tillegg må vi eige areal eller ha ein langsiktig bruksavtale, og vi har oppmoda om kommunalt kjøp av området. I Møre-Nytt les vi at både kommunen og eigar stiller seg positivt til slikt kjøp.

Seint i oktober sendte vi søknad til kommunen om førehandsgodkjenning av planane. I fjor vart ikkje denne søknaden god nok, vi håper det går betre i år.

I søknaden skildrar vi prosjektet slik:

Kapteinkvia – ein aktivitetspark mellom fjord og fjell.

Kapteinkvia er eit område som ligg ovanfor den kommunale badestranda på Sæbø, nært bustads- og opphaldsområde i bygda. Innan ein radius på 500m finn ein barnehage, skule og aldersheim. Området består i dag av ein ujamn grasbakke med nokre tre, benkar og ein bålplass, i bakkant krattskog, noko myr og ei elv/bekk.

Vi ønskjer å etablere Kapteinkvia som ein attraktiv aktivitetspark for bygda, eit nærmiljøanlegg med område for eigenorganisert fysisk aktivitet for menneske i alle livsfasar, også eldre og menneskje medå funksjonshemmingar.  Anlegget vil bestå av fleire aktivitetsflater samt område der ein kan søkje ly og finne ro heile året og i all slags ver.

Kapt

Fleire aktivitetsflater:

Vi tenkjer oss fleire aktivitetsflater:  ei sandvolleyballbane, ei gruslagt bane, fleire grasbaner og eitt enkelt skileikanlegg.

1.      Ungdomen i bygda ønskjer seg ei sandvolleyballbane. Saka har vore handsama i ungdomsrådet i kommunen. Ungdomsrådet støttar tiltaket.  Byggjer vi ei sandvolleyballbane på Kapteinkvia blir den liggjande rett ved den kommunale badestranda.

2.      Mange i bygda ønskjer seg ei mindre grusbane som kan nyttast til ymse tradisjonelle spel som kubb, hesteskokasting, boule, dødball, enkel korgball m.m. Vi har ingen god plass til dette i dag. Dette er og aktivitetar som eldre og menneskje med funksjonshemmingar kan vere med i.

Bålplassen må fjernast, og vi planlegg ei løysing der vi flyttar han lenger nord på same området. Total fjerning er ikkje eit godt alternativ fordi bålplassen har lange tradisjonar i bygda, her feirast mellom anna jonsok.

3.      Vi vil lage til gode grasflater som kan nyttast til ymse leik. Vi tenkjer oss ei sandkasse til dei aller yngste som er her med foreldre og eldre søskjen og enkle installasjonar til leik og spel. Kanskje ei stor sjakkbane?

4.      I gamle dagar var her ei lita skiløype som vi ønskjer å lage til for bruk til skileik og som akebakke. Både skulen og barnehagen saknar ein egna område i nærområdet til å lære seg å stå på ski.

5.      Andre område som allereie er etablert.

Rett ved ligg den kommunale badeplassen med badeflåte, her samlast mykje folk om sommaren. Ei sandvolleyballbane høyrer naturleg inn.

Rett bak går gangveg opp i ”Fonnvernet” . Her har grendalaget tidlegare bygd ei skogaløde som trekk folk. Idrettslaget har lagt ut turbok.

Det er elles i gang eit omfattande arbeid med å få til turstiar/rampar langs Bondalselva (500m unna) i regi av Hjørundfjord Helselaget og Hjørundfjord bygdemobilisering.  

Langhus der ein finn ly for ver og vind.

Img_

I september i år kom det godt over 400 mm nedbør på Sæbø, og i Sunnmørsposten vart vi uformelt kåra til våtast i Nordvest. Veret på Sunnmøre er som kjent ofte grått og vått, og vi meiner at tilgang til eit by ope bygg som gir ly for ver og vind vil vere viktig for høg bruk av området. Vi planlegg eit langhus med faste benkar og bord der det og er plass til rullestol/rullator, og trur det vil vere eit viktig trekkplaster for bruk av området og aktivitetsflatene. Det vil trekke folk ut av godstolen til Kapteinkvia og generere aktivitet.

Vi veit av erfaring av dette er ein viktig faktor for at dei unge skal møtast til aktivitet. Vi trur at det er ein enda viktigare faktor for å få dei eldre ut i aktivitet. Ein treng plassar der ein kan sitje ned, kvile litt og kanskje sjå på andre menneskje og deira aktivitet. For mange eldre vil 500m frå Aldersheimen til Kapteinkvia vere langt å gå og ein ønskjer at der er ein plass å setje seg ned – elles held ein seg kanskje heime.

Langhuset kan og brukast til sekretariattenester til idrettslaget sitt årleg sykkelløp og til andre aktivitetar knytt til området. Grendalaget drøymer td om å arrangere kassebilløp med Kapteinkvia som målområde. Kanskje kan aldersheimen arrangerer hesteskokasting, og bruke huset som møtestad. Barnehagen og skulen kan og bruke huset som utgangspunkt for aktivitetar på området og badestranda som ligg like ved.  

Mot badestranda planlegg vi ein liten kvileplass med utsikt over fjorden. Her skal vere benkar som og kan nyttast at rullestolbrukarar og ledsagarar. Dei få soldagane vi har kan det vere hyggeleg å setje seg i sola og ikkje i skuggen i langhuset.

Saman med langhuset planlegg vi ein mindre open plass der vi set opp ein grill. Aktive kroppar treng næring. Her skal det setjast opp fleire lause bord og benkar.  

Infrastruktur:

Dei ulike aktivitetsflatene skal bindast saman med enkle gruslagde vegar der også rullator og rullestolar kjem seg fram.

Den eine vegen må tåle anleggstrafikk inn til bygging av aktivitetsflater og langhus, og planleggast til å tåle akseltrykket til anleggsmaskiner. Dei andre vegane er planlagt som smalare og enklare.

Eigartilhøve

Området eigast av Statsskog/Opplysningsvesenets fond. Sæbø grendalag, Hjørundfjord Bygdemobilisering og Ørsta Ungdomsråd har bedd kommunen om å kjøpe området, noko kommuneadministrasjonen er positive til.

Alternativt kan det bli aktuelt med lojal kjøp eller ein fleirårig bruksavtale mellom Statsskog og grendalaget.

Regulering

Området er regulert som friluftsområde der delar er bandlagt som kulturminne. Våre planar vil ikkje gripe inn i kulturminnet, men etter vår meining ta betre vare på det.  

....

Med helsing

Hilde Muren                                                  Linda Stokke

Sæbø grendalag                                             Hjørundfjord bygdemobilisering