Laurdag 1. desember er det start for årets nisse-julekalender her på hjorundfjord.no.

Kvar dag fram mot julaftan kan brukarane vere med og avsløre ein lokal person som har fått heiderstittelen "dagens julenisse". Ikkje bli forundra dersom det blir same "bøvlige" maska som i fjor (som Larsa-Knut sa i ein treffande  kommentar).

Nokre små forandringar blir det likevel, så her presenterer vi nokre enkle reglar for årets nissekonkurranse:

  • Premie til dei tre beste totalt (Administrator har lova fine premiar)
  • Dei tre første med rett svar i kommentarfeltet kvar dag får poeng. (2 poeng til den første, 1 poeng til dei to neste med rett svar)
  • Du må vere registrert som brukar på portalen for å vere med i konkurransen. Du kan enkelt registrere deg som brukar her.
  • Ein lokal person (Hjørundfjording) som i ein eller annan samanheng har vore avbilda på portalen tidlegare vil vere blant dei utvalgte julenissane.
  • Det er kun underteikna som har fasiten, så alle kan vere med, unge som gamle.
  • Det er sjølvsagt lov å svare dersom du kjenner att deg sjølv som julenisse.
  • Eitt svar pr. deltakar er lov kvar dag. Dersom ein svarar fleire gongar er det første kommentaren som gjeld.
  • Tidspunktet for når ny luke vert lagt ut vil variere, så her gjeld det å følge med.

Enkelt. Ikkje sant? Då er det berre å ønske lykke til. Synnøve Mo var den store nisseavsløraren i fjor og har dermed den gule leiartrøya.