Storvaldet i Bondalen delte ut løyve til å skyte 123 hjortar i 2007.  Av desse vart altså ca. 100 dyr felte.  Fellingsprosenten vert dermed høg sjølv om det i ettertid vart gjeve løyve til å felle 10-15 ekstradyr p.g.a. store beite- og gjerdeskadar.  Det er jaktleiar Johan Hjellen som fortel dette til hjorundfjord.no.

Nr. 10 

Denne kronhjorten fekk overleve jakta.

No opererer Hjellen enno med cirkatal.  Det er fordi han ikkje har fått stadfesta tal for felte dyr frå alle jaktfelta i storvaldet.  Han har no sendt ut e-postar til alle jaktfeltleiarane der han oppmodar om snarleg tilbakemelding.  Hjellen fortel vidare at storvaldet har ein frist på 10 dagar  etter avslutta jakt (15. november) til å sende inn korrekte tal på felte dyr til kommunen.