Heldigvis var matmor Rakel med. Vi var svært spent på dette sidan vi er ganske ferske innan denne hobbyen. Vi fekk låne hestehengar med Jørund Standal nokre dagar før slik at Rakel og Fivel kunne trene litt på å gå ombord, og det gjekk etterkvart veldig bra.

Eg må innrømme at eg såg for meg ei kolva hestevogn med eit rømt føl på Bondalseidet, sidan føret slett ikkje var noke å trakte etter. Heldigvis skulle det vise seg at dei dystre spådommane mine gjekk til spille, for dette gjekk veldig bra. Rakel fikk Fivel inn i vogna og ferda til Ørsta kunne starte. Folla stod att i stallen å knegga bekymra (men i seg sjølv kjenner ein andre...litt godt med ungefri også;)

Då vi kom fram til ridehallen viste det seg at det var omtrent 16 påmelde føl. Dette var føl av fleire rasar, men mest fjording. Det kom til og med føl frå Ålesund og  Vanylven. Det først som skulle skje var at føla fekk på seg deltakar nummer, så fekk dei sleppe lause i ridehallen. Skikkelig arig å sjå på. Det såg ut som ein heil barnehage som var slepte lause i ein gymsal.

bryllaup2007_1110(001)

bryllaup2007_1110(005)

Fivel fekk raskt nye venner, dette var noke anna en å leike med gamlemor, Folla.

Etter at dei hadde fått rast frå seg ei stund, var det tid for at eigarane måtte fange dei inn att og begynne å leie dei i ring rundt i hallen. Alle saman oppførte seg eksemplarisk, og flokk instinktet kom fram.

bryllaup2007_1110(018)

Per Harald Myklebust følger her spent med på føla som sirkulerar i salen.

bryllaup2007_1110(023)

Her er Rakel og Fivel i "ilden". Dommarane studerar nøye eksteriøret til Fivel. Då dommarene, etter å har studert alle føla, trakk seg litt tilbake, fekk føla sleppe laus i hallen att.

bryllaup2007_1110(034)

Som du ser var det eit yrande liv. Om du studerar bildet litt, så legg du kanskje merke til kor dei av same rase held saman (sjå shetlandsponnyane og araberen og varmblodsen)

bryllaup2007_1110(022)

Fivel sin supporter-gjeng svikta ikkje..

Då dommarane hadde trekt sine slutningar vart det premieutdeling. No må eg berre føye til at denne aktiviteten er av typen uoffesiell utstilling.

Alle fekk sløyfe, for dei fekk eksteriør 7 og 8. Fivel fekk åtte (litt trekk fordi han var litt tungbygd) Det vart plukka ut beste hoppeføll og beste hingsteføl , samt beste føl totalt.

bryllaup2007_1110(036)

Beste føl, ein varmblods ridehest, var dette på biletet over, eigd av Grete Sørheim frå Ørsta. Anita Brekke frå Ørsta fekk pris for beste hoppeføl. (Ved ein glipp fekk eg ikkje med kven som hadde beste hingsteføl)

bryllaup2007_1110(038)

Sjå kor stolt Fivel er av den blå sløyfa si!

Så var det å laste oss inn i bil og hengar att, å kome oss heim til Folla. Til våren vert det etter planen ny utstilling på Fivel og venene hans.