IMG_1429

Frå Trinidad, og til venstre ser ein dei typiske husa i kolonistil, i ein etasje, og med pastellfargar.

Trinidad

Trinidad står på UNESCO si verdarvliste, og er ein ikkje budd på kva som møter ein, vert ein lettare overaska. Ein er med eitt fleire hundre år tilbake i tid.

Trinidad  er ein by som har tapt for utviklinga, i alle fall for ei viss tid. Her busette spanjolane seg så tidleg som på 1.500-talet. Byen var ekspansiv i nokre hundre år, men så vart byen heilt gløymd. Kva skjedde? Svaret er piratverksemd og sukker.

IMG_1469

Dagleglivet må gå sin gang, sjølv om ei turistgruppe har kome til.

Trinidad ligg på sørsida av Cuba, mot det karibiske hav. Det er om lag ei mil til kyststripa. Tidleg i kolonitida styrte Spania det meste av det som skjedde i Amerika. Etter kvart ville andre kolonimakter inn, og det er ein dårleg skjult løyndom at spesielt England sponsa piratverksemd. Piratane var sjørøvarar, sjølvsagt, men også ei viktig militær brikke i kampen om hegemoniet over den ”nye” verdsdelen.

Piratar

Piratane gjorde det vanskeleg for spanjolane på Cuba. Etter kvart vart øya den viktigaste staden for produksjon av sukker, og det var viktig å transportere sukkeret og få det utskipa frå tryggje hamner. Den tryggaste hamna var i Havanna, på nordsida av øya. Dessutan fann ein etter kvart betre jord for sukker enn i traktene rundt Trinidad, og dermed flytta det økonomiske tyngdepunktet seg, og folk flytta med. Trinidad vart liggjande der, og byen vart gløymd.

Det har budd folk i Trinidad heile tida, men der var ikkje økonomisk utvikling lenger. Dermed vart husa og gatene uendra, ingen hadde råd til å fornye byen. Trinidad vart ”gjenoppdaga” på 1900-talet, etter den cubanske revolusjonen. Også UNESCO oppdaga byen, og han kom på verdsarvlista.

Kolonistil

Det er ikkje ufortent, for byen er spesiell. Cubanske styresmakter og FN har sett av midlar, slik at mange av husa er restaurerte, og like eins den spesielle brusteinen i gatene. Husa er særmerkte. Det er i hovudsak murhus på ein etasje, og hovudfasaden har to eller fire vindauge (utan glas, men med metallgitter og dører), med hovuddøra i midten. Dette er såkalla kolonistil, slik særleg spanjolane bygde hus der dei etter kvart busette seg.

Trinidad er langt frå noko museum. Statusen med å hamne på verdsarvlista har gjeve byen turisme, og dermed kjem også pengane til området. Byen har mange attraksjonar, men kanskje det mest spennande er likevel det multietniske. Dette er ein typisk karibisk by, ikkje spansk, slik som Havanna. Det vil seie at her lever etterkomarane etter afrikanarane som kom som slavar, og gjennom hundreåra godt miksa med dei spanske innvandrarane. Her er rytmer og dans, og eit spesielt folkeliv.

IMG_1463

Artikkelforfattaren på Playa Ancon. Her har eg akkurat fått på meg solfaktor tretti. Sola er sterk, men badevatnet har ein herleg temperatur.

Playa Ancon og badeliv

Ikkje langt frå Trinidad, ligg Playa Ancon. Det er ei flott strand, med kvit sand og palmar, slik ein nordboar drøymer om. Artikkelforfattaren let nokre dagars byvandring vere byvandring, og praia ein drosje til stranda for å leve badelivet. Det var herleg. Det eksisterer langt flottare og betre badestrender på Cuba, som Varadero på nordsida av øya, men Playa Ancon er flott nok.

Skal ein bade på Cuba, vil kanskje nordsida vere mest forlokkande. Her skal vatnet vere krystallklart, medan sterke straumar i det karibiske havet gjer vatnet noko meir grumsete på sørsida. Ved fleire strender kan ein også få nærkontakt med delfinar, og for sportsdykkarar er badestadene på Cuba eit paradis, med mange korallrev.

Det var også lett å kome i kontakt med folk i Trinidad, og mange prata openhjartig om situasjonen på Cuba, noko som det vil verte skrive om i det siste reisebrevet frå Cuba. 

IMG_1525

Vinales. Dei skogkledde kalkklippene er heilt særmerkte for området.

Vinales 

På vest-Cuba ligg Vinales, som både er namnet på ein by og eit område. Dette området er unikt i verdssamanheng med klippeformasjonane. Det er i Vinales og i sør-Kina (og kanskje Vietnam) ein finn desse formasjonane i naturen. Vi snakkar om dei skogkledde kalkklippene, som ser ut som haugar i landskapet.

På Cuba heiter desse formasjonane Mogotes, og dei er spennande å utfordre både utvendig og innvendig. For nokre titusen år sidan var det flatt på denne delen av Cuba. Grunnen var kalk. Etter som tusenåra har gått, har vatn erodert vekk mesteparten av den opphavlege overflata, men den mest standhaftige kalken står att. Då kjem dei spesielle formasjonane fram, og dei ser ut som forstørra høysåter spreidd på markene.  

 IMG_1576

Inne i ei grotte, og ein ser lyset i enden av tunnelen.

Grottene 

Desse kalkhaugane, eller mogotes, har også vorte gjennomhola av vatnet. Difor er det eit tusental holer i dette område. Dei fleste er for små for menneske, men nokre av holene er store, og spennande å vitje.

Ei av grottene er Cueva del Indio. Dei første meterane er til fots. Vel inne ser ein korleis vatnet har slite vekk kalken, og frå taket har det danna seg, ikkje istappar, men kalkdrypp. Etter kvart som ein går innover hola vert det trongare, og for ein stor nordbuar er det så vidt ein kjem forbi einskilde stader. Så opnar det heile seg opp, i ei utruleg stor grotte. Der etter ser ein at botnen endrar seg, frå fast grunn, til ein innsjø. Då er det å gå om bord i båten, og verte frakta gjennom hola til den andre utgangen. Det er fascinerande.

IMG_1523

Artikkelforfattaren likte godt landskapet i Vinales. P.S. Stråhatten er ikkje for pynt, men heilt naudsynt for at ein tynnhåra nordboar skal ein unngå å verte skadd av sola.

Transport

Det er ganske enkelt å kome seg både til Vinales og Trinidad. Det går rutebussar til båe stadene frå Havanna, og fordi dette er turistattraksjonar, er det moderne bussar med friskluft.

Santiago de Cuba

Cuba har sjølvsagt andre store turistattraksjonar. Havanna er ein attraksjon i seg sjølv, men truleg er den aller største attraksjonen Santiago de Cuba, som er den karibiske smeltedigelen. Det er ein by på austsida av øya, ikkje langt i frå  den amerikanske Guantanamo-basen.

Dei aller fleste turistane som kjem til Cuba, kjem til Havanna eller badeplassen Varadero, om lag elleve mil frå Havanna. Santiago ligg altfor langt unna til at ein greier å nå byen med rutebuss eller leigebil dersom ein berre er ei veke på Cuba, avstanden til Havanna er om lag 75 mil. Skal ein utforske Cuba verkeleg, treng ein meir enn ei veke som artikkelforfatten hadde til rådvelde. Likevel, det er mykje ein får med seg på ei veke også.

Denne skribenten reiste til Cuba med rutefly, og fiksa det meste undervegs. Det er etter kvart også eit rikeleg chartertilbod for dei som vil reise til Cuba.  På nettet vil ein finne mange tilbod, og då er det opp til lommeboka og personleg interesse å velje kva ein ynskjer. 

IMG_1440

Ein liten kuriositet til slutt. Kokspalmene bar frukt. Og ein bør ikkje leggje seg under, for kokosnøttene kan faktisk ramle i hovudet på ein.