IMG_1493

Kva no? Ei cubansk kvinne funderer frå altanen i leilegheita i Havanna. 

Fidel ligg for døden

- Når Fidel døyr, vert det ei endring på Cuba. Eg trur vi får demokrati. Men eg håper Fidel døyr etter at George W. Bush har gått av som president i USA. Cuba skal ikkje verte den 52. delstaten i USA. Vi må gjere dette på Cuba-måten. 

Dette fortalde ein mann artikkelforfattaren fekk kontakt med på Cuba. Cuba er eit flott land, men også eit diktatur, og å seie for mykje, det vert farleg.  

Vegskilje

Cuba står mest truleg ved eit vegskilje. Fidel Castro, Cuba sin einerådande herskar, er sjuk av kreft. Offisielle meldingar er at han har ei stadig betre helse. Folket derimot er overtydde om at han er dødssjuk, og ikkje har lenge att.

IMG_1419

Viva Fidel. Nokon har hylla Fidel Castro med grafitti på eit fortau. Elles var det forbausande lite persondyrking av Fidel. Derimot var det bilete og plakatar av Che Guevara dei fleste tenkjelege og utenkjelege stader.

Spørsmålet er då kva som vil skje med Cuba etter at Fidel døyr. Cuba er i ei økonomisk krise, sjølv om krisa ikkje er like stor som like etter Sovjetunioen sitt fall. Tidleg på 1990-talet opplevde Cuba at mest all internasjonal handel forsvann. Etter Berlin-muren og Sovjet-kommunismen sitt fall, opplevde Cuba at ingen lenger ville byte varer. Sukkeret var ikkje så viktig.

Det vart problem med straumforsyninga, og jamvel matforsyninga. For første gong sidan 1958, då Castro tok over, vart det matmangel på Cuba. Så ille er det ikkje no, men framleis er det rasjoneringskort på mat og andre naudsynte forbruksvarer for den vanlege cubanaren.

Annleislandet

Cuba er annleislandet. Det er truleg det einaste landet i den tredje verda der folk ikkje svelt. Det er ingen slumområde som i Brasil eller i Kenya, sjølv om det er fattig. Ein kan seie mykje om Fidel Castro, men han har vore tru mot dei opphavlege ideane sine om å dele goda blant befolkninga. Difor har Cuba hatt ein uvanleg høg levestandard til eit tredje verda-land å vere. For ikkje å snakke om helsevesenet og utdanningsvesenet. Den no avlidne helse-nestoren i Framstegspartiet, John Alvheim, sa også etter ein studietur på Cuba at det cubanske helsevesenet var betre enn det norske.

IMG_1343

Ein ung cubanar fiskar rett utanfor Malecon, Havanna sin strandpromenade. Det er ikkje snakk om hobbyfiske, men matauk. Den jamne cubanar har ikkje lov å fiske frå båt - for då kan han stikke til Florida....

Då dikatoren Batista vart styrta i 1958, var det tre universitet på Cuba. No er det over femti. Folk har mulegheiter til å velje seg høgare utdanning. Det er gratis, berre ein er flink nok. På Cuba er det ikkje analfabetisme, og kunnskapsnivået er høgt med fri skulegang for alle.

Ufridom

Men baksida av medaljen er ufridomen, og at det kommunstiske systemet etter kvart drep mest all kreativitet. I Vegard Bye og Dag Hoel si utmerkte bok, ”Dette er Cuba, alt anna er lygn”, vert det skrive ein del om dette ( denne boka er forresten pensum for alle som har tenkt seg til Cuba).

Det vert peika på måten Fidel Castro og hans kumpanar har bygt opp maktstrukturane på. Maktstrukturen er monolittisk. Det vil seie at makta ligg på toppen, og at ho ikkje breier seg utover. All makt ligg hos Fidel og hans få utvalde. Mellom anna er broren Raul no fungerande statsleiar på Cuba i Fidel sjukefråver. Effektivt har dette apparaturet drept alle former for konkurrerande maktstrukturar, om det er den katolske kyrkja, fagforeiningar, næringsliv eller frivillege organisasjonar.

IMG_1634

I mangel av drivstoff, nyttar det ikkje med plenklippar. Macheten må fram.

I Bye og Hoel si bok vert det fortalt om forsøka Cuba har gjort med å gje ein viss fridom til å skape eiga næring, men korleis dette har vorte kvalt så snart det har vore tendensar til at det har bygt seg ein struktur.

Legar mot olje

No er systemet og landet Cuba ute og køyre. Det er vanskeleg å få til handel med utlandet. Cuba har fått ein tilsynelatande god venn i Hugo Chavez, president i Venezuela. Men også Venezuela veit å forsyne seg. Landet sel sårt tiltrengt olje til Cuba, og betalingsmiddelet er legar, noko som gjer at Cuba byrjar å merke legemangel for første gong sidan tidleg 1960-tal.

Sukkerproduksjonen har ikkje vore så låg som han er no sidan revolusjonen. Årsaka er både eit fullstendig ineffektivt landbruk, og at cubansk sukker vert utkonkurrert. Spesielt frå Brasil, der regnskog vert erstatta av hypereffektive sukkerplantasjar.

Handelsboikotten til USA

Den viktigaste årsaka til Cuba si økonomiske krise er likevel handelsboikotten USA gjennomfører. Han har vart i femti år, og stryper like mykje forsøka på å få til ein økonomi på øya som det rigide økonomiske systemet Fidel Castro regjerer med.

Det bur i overkant av ein million eksil-cubanarar i Miami, Florida, USA. Sjølv om Washington etter kvart ser galskapen i handelsboikotten ( mest kvar avgådde president vedgår det), er det politisk uråd å gjere noko med han. Florida er vippestaten ved presidentvala i USA. Den som vinn Florida, vinn presidentvalet. Difor må ein kvar amerikansk presidentkandidat som skal lukkast med å nå Det Kvite Hus stå knallhardt på boikottlina. Då vinn han dei eksil-cubanske røystene, og har god sjanse til å vinne valet.

IMG_1554

Den siste dråpa frå sukkerrøyret vert pressa ut. Sukkerproduksjonen på Cuba har falle dramatisk, som ein konsekvens av eit ineffektivt kollektivlandbruk, handelsboikott frå USA og regnskogøyding i Brasil.

Den jamne cubanar er godt opplyst, og tenkjer sitt sjølv om propagandaen er sterk. Eg var i kontakt med fleire under Cuba-turen, og fleire snakka openhjartig. Cubanarane er sinte, og dei er desillusjonerte. Dei er sinte på USA sin boikott, som dei meiner rammar meir vanlege folk enn regimet, og dei er desillusjonerte over at Fidel ikkje vil vike ein tomme i å losne på taumane, gje ytringsfridom og ein friare økonomi.

Turistøkonomi

Slik det fungerer no, gjer turistøkonomien til at ingeniørar heller køyrer drosje enn å forske.- Eg er ingeniør, men som drosjesjåfør med turistskilt, får eg så mykje i driks at det gjev meg ei månadsløn tjue gonger så høg som om eg skulle ha halde fram ved univsersitetet, fortalde ein drosjesjåfør meg.

IMG_1711

Chinatown i Havanna. Problemet er berre at kinesarane forsvann frå øya då økonomien kollapsa i 1991.

Det er eit dobbelt pengesystem på Cuba. Turistar betalar i såkalla konvertible pesos. Han er ein til ein mot US dollar. Desse pengane skal etter ideen rett inn i statskassa, men fordi turistar gjev driks, kjem desse pengane alle som er i direkte kontakt med turistar til gode. Konvertible pesos er mange gonger så mykje verdt som ein vanleg cubansk pesos.

Den cubanske måten

Den siste dagen i Havanna kom ein mann bort til meg. Han tilbaud meg ein gaida tur i Havanna. Eg kjende etter kvart mekanismane, og sa ok, på vilkår av at han ikkje førte meg til sigarseljarar eller prostituerte, Han flira godt, men godtok det. Mannen var sterkt kritisk til USA, men kom dessutan med sterk kritikk mot Sovjetunionen.

– Russarane kom ikkje med noko godt til Cuba. Dei var overlegne, og forstod ikkje at det vi ynskjer, er å gjere det på den cubanske måten, sa mannen.

IMG_1675

Greitt nok med revolusjonsheltane Cienfuegos og Che Guevara. Men kor lenge må Cuba lide under gammalt tankegods?

Og nettopp den cubanske måten kom fram med alle eg kom i prat med. Cubanarane er eit stolt folkeferd. Dei er stolte over nasjonen sin. Dei er etter alt å døme lei av Fidel og hans regime, men dei fryktar endå meir å vende tilbake til Batista-tida, då landet vart robba av USA og amerikanske selskap.

Cubanarane har utdanning

Kva vil skje når Fidel døyr? Det som kan vere berginga for landet og folket er at det er eit utdanna folkeslag. Spørsmålet er om cubarane får lov til å vere skapande, utan å verte hindra av eit kommunistparti som i dag, eller ein stor nabo i nord, som skal fortelje dei og tvinge dei til kva som skal gjerast.

Dette var det siste reisebrevet frå Cuba, og kanskje ei dyster avslutning. Men Cuba er eit flott land, har eit flott folk, og fortener at vi vitjar det. Artikkeforfattaren håper lesarane har hatt ei viss glede av reisebreva frå Cuba, og ikkje noko hadde vore artigare enn om fleire hjørundfjordingar tok turen til dette annleislandet i vest.

IMG_1355

Lat det siste biletet vise håp. Gjev du to gutar ei flate og ein ball, vert det spelt fotball. Det gjeld over heile verda. Desse borna er framtida for Cuba, og lat oss håpe at idrettsgleda dei syner også smittar over på dei som skal avgjere Cuba sin lagnad, om det er det cubanske kommunistpartiet eller USA.