Fem av medlemane i ungdomslaget var tidligare i år på teaterkurs i Hovdebygda, der Mads Ryste og Beate Eriksen var instruktørar. Vi var svært inspirerte av kurset og ville gjerne prøve å få ei revygruppe opp å gå i Bondalen også.

Men ting har ein tendens til å ta tid...det har til no våre mykje prat og lite handling. For å sette eit lite press på oss har vi no tatt på oss det første oppdaget i form av innsalg på 3.dags festen.

For å hjelpe oss i gang kjem Mads Ryste å held eit revykurs torsdag 22.11.07 kl 18.00. Kurset er for alle som kan tenke seg å være med på dette. Om du vil stå på scena, skrive tekstar, lage kostyme, bygge kulissar...koke kaffi til oss... Her er jobb til alle :-)

For nokre 10år tibake var det ei aktiv teatergruppe i bygda og vi vil svært gjerne ha med oss desse på laget igjen ønsker dei og alle nye velkomne på kurs med Mads Ryste på torsdag. Kurset er gratis.

Vel møtt!!