Etter ein god, men hektisk sommarsesong, ein velfortent ferie og så opplading i inn- og utland, er igjen Kanutte(Nutte) og Dagfinn(Daffa) Strand kllare til å gå på julesesongen ved Strands Bakeri på Sæbø.

IMG_3838 (Large)

Alle desse gode brøda, inklusive julebrøda opp til venstre, vert å få kjøpt når Daffa opnar bakeriet på Sæbø tirsdag den 4. desember klokka 1000.

Som nemnt vil alle dei ulike brødsortane som vi har vorte vande med å få kjøpt, vere i salg frå første dag.  Dagfinn nemner spesielt julebrøda som vert steikte i steinomnen. I tillegg opplyser han at bakeriet denne jula også vil prøve seg på kransekaker og kransekakestenger.

Om nokon har gløymt kva småkaker Strands bakeri brukar å selje, så er det sirupsnittar, berlinerkransar, krumkaker, smultringar, julemanna og sandskorper.  I tillegg kjem alle dei andre tradisjonelle bakarvarene.

Og som alltid:  Ynskjer du ein dag å kjøpe bakarvarer i større mengder, kan det vere lurt å ta ein telefon til Dagfinn Strand på førehand og bestille det du vil ha.

Opningstider:

Tirsdag 4. desember til laurdag 22. desember.  Kvardagane er opningstida frå klokka 10 til 16.  På laurdagane er opningstida frå klokka 10 til 14.