Når det gjeld  nedbøren i oktober er dei tørre - eller helst våte - tala for målestasjon nr. 59900 Sæbø, 292 mm nedbør.  Mest all nedbøren kom som regn sjølv om det ein kveld/natt var kvitt hos Anne Hustad.  Normalen(1961 - 1990) for oktober er elles 248 mm.

Anne Kristin Hustad 004 (Large)

Mykje nedbør, også i oktober, slår Anne Hustad fast.

Men mi oppfatning er at det ikkje regna så mange dagar i oktober?

- Det er i alle fall lettare å telje dei dagane det ikkje regna.  Så vidt eg kan sjå av boka mi, var det 9 døgn utan nedbør i oktober.

I november då - i den månaden brukar det vel ikkje å kome så mykje nedbør?

- Tja, det første døgnet i november kom det 72 mm med regn på Hustad, men den månaden må vi vel kome tilbake til seinare, avsluttar Anne.

Ja, vi må vel det, tenkjer vi...