DSCN2425

Kai Arne Skår jublar for opprykket, som han har medverka til med mange skåringar. Han er no på kjærleikstur, og vert ikkje med laurdag. 

 

Sesongen har vore ein fest for Sæbø. Laget opna godt med fleire sigrar på rad. I nokre av kampane var det slitesigrar, men etter kvart kom godspelet.

Før sesongen sa trenar Jan Kjetil Holen at vårsesonge nvar avgjerande, for på hausten ville Sæbø misse ein del spelarar. Vårsesonge vart god, og Sæbø leia 6. divisjon til ferien.

DSCN2373

Her skårar Sæbø mot Åheim. Terje Holen (t.h) har medverka til opprykket, men vert heller ikkje med laurdag. Han er for tida i Den Dominikanske Rebublikk. 

Men frykta for ein dårleg haustsesong var overdriven. Sæbø har henta poeng, og Flø-trenar Odd Arne Seljeset seier at det Sæbø-laget som spelte 2-2mot Flø på Høddvoll i september var langt betre enn det Sæbø-laget som slo Flø 3-1 i mai.

No håper Sæbø-spelearane at publikum møter opp, og gjev dei velfortent honør for ein flott sesong. Kjem publikum, lovar spelarane altså å gje festfotball tilbake. 

Sæbø 002

Laurdag får vi vite om kritikarhaugen er nøgde med opprykk. 

 

Kampen går laurdag kl. 15.00. Det ryktast at fleire av spelarane som har vore vekk  i haust, som Mats Riise, er på veg heim for må spele kamp. Motstandar er forresten Moltustranda, eit av dei få laga Sæbø har tapt poeng mot før i år.

 

Eit viktig moment er om Sæbø kan gå gjennom sesongen utan poengtap. Statstiskarane veit vel kor lenge det er sidan sist?

 

Sæbø 003

Toppskårar Marius Riise har vinka farvel til dei fleste forsvarsspelarane i sjette divisjon i år. Gjer han også det laurdag?