IMG_1748 

Tiril Holen (t.v.) og Tonje Urkegjerde helt eit engasjerande og spennande foredrag på Sæbø laurdag. 

 Laurdag fekk Tiril og Tonje høve til å fortelje om korleis ungdom sjølve ser på oppvekstvilkåra i Hjørundfjorden, og korleis ein kan tenkje annleis. Tonje og Tiril greidde verkeleg å utfordre både dei som driv Hjørundfjord bygdemobilisering, og dei andre bygdemobiliseringsprosjekta som var samla på Sæbø.

- Det er trygt og godt å vekse opp på Sæbø, og for born er det gode og allsidige tilbod. Men når vi vert større, og kjem i tenåra, saknar vi ein stad å vere, seier Tiril og Tonje.Og dei utfordra vaksne bygdeutviklarar på at kanskje tenkjer ein for tradisjonelt, og slik at det vert gutane som vert prioriterte.

- På Sæbø har vi eit godt fotballanlegg. Vi har paintballbane, og det vert arrangert dataparty. Fjord og fjell er også godt for ungdom, og gjev oss eit godt friluftstilbod, understreka Tonje og Tril.

- Men jenter har lett for ikkje å verte med på dette. Vi vert oftande sitjande på Bellingen om vinteren og ved campinkiosken om sommaren, og skal ein spele handball må ein til Ørsta for å trene, foralde Tonje og Tiril.

Dei ynskjer å få til eit ungdomslokale, der ungdom meir uformelt kan møtast. Tonje og Tiril er glade for at ungdomslaget har starta ungdomsklubb, men synest det vert for sjeldan.

– Det må vere ein stad som vi sjølve kan opne, og der vi kan ha diskotek m.a., meiner jentene.Nokre av ”vaksentiltaka” er dei samde i må kome, som ny gymnastikksal.

– Der kan vi ikkje vere når det regnar, for då er han stengd. Det er litt rart at når det er dårleg ver, då må vi ha gymtimar ute, og når det er godt ver, skal vi ha gymtimar inne. Ein ny gymnastikksal vil også føre til at vi kan trene meir handball på Sæbø, og sleppe å reise tre mil fram og tilbake til Ørsta for å trene. Tenk på dei som bur på andre sida av fjorden, og som også må ta ferje for å kome seg på trening, sa Tonje og Tiril.

Dei håper at Hjørundfjorden om ti år har fått på plass eit uformelt ungdomslokale, og at ein ny gymnastikksal er på plass. – Vi håper at lag og organisajsonar framleis er aktive, og gjev ungdom eit godt tilbod. Kanskje er tilboda så gode at vi etter endte utdanning kan kome tilbake og busette oss her, for Hjørundfjorden er ein god stad å bu, sa Tiril og Tonje.

Godt nøgd med samlinga

Rådgjevar Eivind Ryste i landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke, har ansvaret for bygdemobilsieringsprosjekta i Møre og Romsdal. No er det i alt tolv bygde,mobiliseirngsprosjekt i gang, og ni av dei var samla på Sæbø i helga.

- Me er godt fornøgde med samlinga. Det var gode innlegg, og alt rundt fungerte godt. Det gjeld både hotellet og Rekkedal gjestehus. Vi var også heldige med veret, og spesielt bra var det at veret var godt då vi var på fjordtur, seier Ryste.

Det er altså tolv forskjellige bygdemobiliseringsprosjekt i fylket, og Ryste påpeikar at dei er ulike, og har ymse utgangspunkt. I dei aller fleste er det eit stort engasjement.

- Det er også ei erfaring at det er vanskeleg å halde like stort trykk gjennom ein heil periode. Av og til går aktiviteten ned, men ein prøver å kome frampå igjen. Ikkje alle prosjekt er det like stor aktivitet i, og ikkje alle greier å engasjere heile bygda. Det er ein fare for at berre ei  lita gruppe skal gjere noko, seier Ryste.

Det er er plass  til fleire prosjekt i fylket si bygdemobilisering, men ikkje før neste år.

– Vi hadde frist for nye prosjekt den 15. oktober, og fekk sju –åtte søknader. Vi vil gje støtte til to av dei. Det vert mogleg å starte nye prosjekt neste år, men det går ei grense for kor mange prosjekt vi kan ha gåande og køyre parallelt. Det handlar om oppfølging. Til saman i år vil fem prosjekt ha kome i gang, fortel Ryste.

Han kan ikkje seie om bygdemobiliseringsprosjekta har ført til folketalsvekst i bygdene. Men kanskje handlar det ikkje alltid om det heller.  

– Nokre bygdemobiliseringsprosjekt har kome i gang fordi det har vore generasjonsskifte i bygdene. Unge folk har kome heim, og vil få gjort noko. Det gjeld bygder som Hakallestranda og Eikesdal, fortel Ryste.