IMG_1304

Terje Stokke laga 4-2-målet, men det var ikkje meininga....

 

Sjølve kampen er det ikkje så mykje å skrive heim om. Trenar jan Kjetil Holen karakteriserte det sjølv som årsverte. 

 

Sæbø tok leiinga ved Marius Riise, før Moltustranda utlikna. Mål ved Espen Frøland og Ole Sunde sikra ei 3-1-leiing til Sæbø ved pause.

- Nokre av oss arbeider godt bakover, men vi er alle for sløve framover, oppsummerte Terje Haugen Øye ut i andre omgang. Då hadde Moltustranda akkurat redusert til 2-3.

 IMG_1285

Terje Haugen Øye var ikkje heilt nøgd. 

Terje Stokke fastsette sluttresultatet til 4-2 like før slutt. Han la eit mislukka innlegg frå Sida. Det var så mislukka at det gjekk rett i mål bak ein forfjamsa Moltustranda-keeper. 

No var Sæbø eit klart betre lag enn Moltustranda. Det verka som om dei hadde andre tankar i hovudet enn fotball. Det kunne vere a) omsut for Sverre Børge som er på "Gutta på tur"-turne i Førde, eller b) opprykksfesten laurdag kveld.

No må Sæbø nullstille, og gjennomføre sin skikkeleg avslutningskamp mot Tjørvåg komande helg, slik at det eventuelt er Volda2 som følgjer opp i femte divisjon.

 

Og sesongen er ikkje over med det. Det vert kamp om krinsmeisterskapen mot Nordborg2.