Jakob (13) og eg er samde - den kjekkaste hjortejakta er fellesjakta som vi brukar å ha inne i Kvistaddalen. Diverre har ikkje vêret vore heller dårleg dei aktuelle søndagane i haust, men kanskje det kunne bli hjortejakt  i dag?  

No vart det inga fellesjakt, men Jakob og eg bestemte oss for å ta ein tur opp i området rundt Svarthammaren under Årsethornet.  I dette området har ein storbukk bura nesten samanhengande i fleire døgn.  Nils (Aklestad) såg nyleg denne hjorten i kikerten sin og meinte at det var den største han hadde sett på mange år.  No hadde Jakob og eg slett ikkje tenkt å skyte ein storbukk, vi har heller ingen bukkeløyve att, men ein kalv skulle vi evt. klare å få ned åleine.

Då vi starta å gå oppover i 1230 tida i dag, bura  eit par bukkar, men etter ei stund vart det stilt.  Hadde dei oppdaga oss allereie?  Vi kom oss opp i området der vi rekna med at det var koller og kalvar, men ingen dyr var å sjå.  Heller ikkje høyrde vi buring.  Det var på tide med litt næring i kroppen.  I det vi skulle til å hive innpå ein matbit, kvapp vi til.  Det som vi rekna som storbukken bura  ca. 150 m ovanfor oss.  To andre bukkar svarte straks - ein sikkert på motsett side av dalen nede ved Årsetelva, ein annan litt lenger inne. - Storbukken høyrest ut som ei motorsag, meinte Jakob.

Altså ingen koller eller kalvar var å sjå, men vi ville prøve å nærme oss bukken.  Kanskje kunne vi få eit glimt av den.  Jakob gjekk først med kikerten.  Snart kom meldinga frå han:  "Pappa, der er han - ein kjempestor kronhjort.  Eg ser det kvite bak også".

Nr. 1 (Large)

- Pappa, der er han - ein stor kronhjort.

Eg såg han no godt sjølv. Den var ca. 80 m lenger oppe. Utan tvil ein kronhjort. Det var nok denne hjorten Nils hadde sett.  Ein fjerde hjort bura no i skogen litt lenger inne, men kronhjorten "vår" såg ikkje ut til å bry seg så mykje, men plutseleg kom det eit halvhjarta brøl frå han.  Han måtte vel markere styrken.

Vindretninga var for oss heldig.  Mens vi låg og kikra, kjende vi av og til den kraftige brunstlukta frå den store kronhjorten.  Den var elles heilt grå i hovudet.  Så skjedde det - den la seg rett ned rett framom oss.  Vi såg no berre hovudet hans og det store geviret.  Jakob rapporterte bak til meg at av og til rista han på øyrene.

Nr. 2 (Large)

Kronhjoten la seg ned, rett framom oss mens vi kikra.  Var det den som hadde "teke seg av" furua bak Jakob?

Vi hadde som nemnt ikkje løyve til å skyte denne bukken.  Vi/eg hadde uansett ikkje skote på den - garantert.  Berre idiotar skyt dei beste avlsdyra.  Men det hadde no vore kjekt å få fotografert den.  Diverre hadde eg berre ei lita linse med meg (18-55 mm).  Vi måtte kome oss nærare.  Vi ville prøve å gå ein liten omveg, men likevel kome oss nærare.  Jakob gjekk først.  Eg la att ryggsekk og gevær.

Nr. 3 (Large)

Vi gjekk no ein liten omveg for å nærme oss bukken.  Jakob først.

Vi var ca. 40 meter frå bukken/kronhjorten då Jakob stansa.  Så kom det: "Hjorten er daud". Eg trudde knapt mine eigne øyrer, men gjekk bort til han. Javisst, det låg ein stor bukk.  Hovudet låg på sida, begge augene på det grå hjortehovudet var att. Var verkeleg hjorten daud?

Nr. 4

Der låg hjorten - tilsynelatande heilt daud.

Kva hadde skjedd?  Vi såg no nyleg ein stor, flott, levande kronhjort som hadde lagt seg ned.  Hadde det vore kamp og den eine hadde tapt?  I så fall måtte vel "vår" kronhjort - den som vann kampen - vere like i nærleiken? Vi diskuterte.  Vi snakka heller ikkje så lavt lenger.  Eg fotograferte, men hjorten brydde seg heller ikkje om lyden frå speilreflekskameraet.  Ikkje ein bevegelse på dyret såg vi.  Vi vart kort og godt triste der vi stod.  Vi hadde slett ikkje rekna med å finne ein daud hjort.  "Pappa, hent geværet", sa Jakob.  Han meinte at hjorten ikkje kunne ligge å lide om den ikkje var heilt dau.  Eg nølte.  Kva no?

Men kronhjorten - dvs. at kvart av dei to gevira endar ut i tre taggar - kom med løysinga sjølv.  Den letta på hovudet.  Den hadde nok sove fast og vart nok vekt av vår høglytte prat.  Truleg var den ikkje heilt blid heller.  Av eiga erfaring veit eg at humøret ikkje vert godt når ein vert vekt unødig i middagskvilda.

Nr. 5 

Så vakna den og letta på hovudet.

Nr. 6Nr. 7

Så reiste kronhjorten seg heilt opp.

Nr. 9

Så stod den der - i all sin prakt.  Men var den sur?

Kva no?  Vi var begge svært letta og glade då vi såg at den likevel ikkje var daud, men kanskje underteikna vart engsteleg.  Eg var nok glad for at vi ikkje hadde gått nærmare, men no hadde han oppdaga oss der vi stod på ca. 40 meters avstand.  Var den farleg?  I så fall var der ingen passande tre for oss å klatre opp i.  Å springe ned etter geværet ville ta for lang tid.  Nei, det var nok berre å vente og håpe det beste.

Det gjekk fint.  Etter ei stund snudde hjorten seg rundt og gjekk - den sprang ikkje.

Nr. 10

Nr. 11

Så gjekk den.  Legg merke til kor brei den er over nakke og rygg.

Det heile enda heldigvis godt for oss alle.  I ettertid lurer eg sjølvsagt på om eg skulle ha gått heilt inntil den.  Det hadde heilt sikkert gått, men kva hadde skjedd når den vakna?  I alle høve vert det nok ikkje så lenge til at eg kjøper eit større objektiv - i alle høve opp til 200 mm (tilsvarar ca. 300 mm på eit 35 mm kamera)

I dag, søndag var det også ein lite lys dag.  Men klikkar de på fotoa, får det dei i full storleik og dermed vil ein sjå at dette var ein svær kronhjort.  Kanskje over 135 kg slaktevekt?

IMGP0888 (Large)

Jakob var svært nøgd med turen sjølv om ingen hjort vart felt.

Nr. 13

Og så kom regnet, men pytt, pytt.  Bondalen mot Sæbø i bakgrunnen.

Kronhjorten fekk seg nok ein kipp også.  På vegen ned att høyrde vi den ikkje bure i det heile, men no er alt i orden igjen.  Oppe i det same området held den no eit stort spetakkel, men utan tvil er den sliten.  Den somna i alle høve raskt og tungt då vi var i nærleiken.