Kampen mot Rollon gikk kl 10.00 og avreise frå Sæbø 07.55 så det var tidleg opp på ein søndagsmorgon..

Kampen mot Rollon var jamn heilt  til siste kvarteret då Sæbø/Åmdal rykte frå. Dette var ein heller rotete kamp der jentene ikkje spelte opp mot sitt beste men dei viste at dei ville vinne og kjempa godt mot slutten.
Måla kom ved Malene (6 mål), Elisabeth (4), Liv Grete (2), Torill (2), Else Marie (2), Kathrine (2) og Tiril (1).

IMG_8106
Pause mellom kampane.
Desse jentene var med i dag: Katrine, Malene, Kathrine, Elisabeth, Liv Grete, Else Marie, Hanne, Rebekka, Tiril, Marita, Sara og Torill.

Etter ein times pause var det klart for ny kamp. Denne gang mot Aksla.
Jentene spelte kjempegodt heilt til siste kvarteret. Då merke dei kampane i beina og det rakna litt. Liv Grete fekk mykje "juling" i kampen noko dommarane såg og slo ned på.
Resultatet var 19-15 og siger til Aksla etter ein fartsfylt og god kamp.
+ til rettferdige og gode dommarar!
Målskårarar i denne kampen: Malene (4), Else Marie (4), Liv Grete (3), Elisabeth (2), Kathrine (1) og Tiril (1).