Alle skeptiske spådomar var sjølvsagt heilt ugrunna; Sæbøveteranane gjennomførte på ny eit suksessrikt treff, der kameratskap og humør står i sentrum. Lokasjon er ikkje det viktigaste når denne gjengen møtest; det gode miljøet som alltid har prega fotballen på Sæbø lever vidare, også etter at ein oppnår veteranstatus. Det er desse årlege turane med gjenforening eit synleg prov på !

 

Intern fotballkamp er alltid eit høgdepunkt på desse turane, og i år var Paintball lagt inn som aktivitet før fotballkampen, det synte seg å være ei perfekt og ”adrenalin-fremjande” oppvarming. I år dukka det også opp eit ”wildcard” fredagskvelden som var med oss heilt til internkampen var ferdigspelt ut på dagen laurdag. Arild ”wildcard” Moe (busett i Florø og med tjukk slekt i Bondalen) gjorde ein framifrå innsats både som Taxi-guide, fotograf og fjerdedommar !

  Hotell-Audun 

Komiteformann Audun Lyshagen fann seg fort til rette på

Rica Sunnfjord Hotell der me var innlosjerte.

Han stilte seg opp godt til rette bak hotellskranken,

og trudde ein augneblink han var på jobb i Volda….

 

 Wildcard -taxi

Arild ”wildcard” Moe losar taxisjåføren trygt fram til paintballbana.

Arild er nevø av Asbjørn Moe i Jensgarden på Årset, og har feriert

mykje i Bondalen i oppveksten. Merittane til Arild i Sæbøfotballen

er 2-3 kampar som tilskodar + ei birolle som saftblandar i Selje-Cup 1984

Paintball-terrenget låg ca 10 minutt med bil frå Førde sentrum. Dette var ein fartsfylt aktivitet der killerinstinktet fekk eit kraftig puff, og me fekk varma opp stive musklar med løping, lav åling og kommandoangrep i ulendt terreng.

Fredagskvelden delar me alltid inn i 2 lag til fotballkampen, og same laga var også motstandarar i paintball. Me var 13 veteranar påmelde i år, men sidan Sverre Børge ”akillesskade” Hjorthaug måtte avstå frå både paintball og internkamp (han var dermed årets domar) var me 6 stk på kvart lag.

Wildcard var stødig fotograf.

 Paintball Instruksjon

Veteranane får instruksjon i paintball-reglar.

Frå venstre; Knut Inge Haugen, Rolf Egil Riise, Arnt Egil Hjellen,

Svein Jon Holen og Audun Lyshagen.

 

Debriefing Sone

Lett og ledig stemning før me går i krigen. Kven ler sist ?

Frå venstre; Kjetil Leknes, Jens Forbord, Svein Jon Holen

og Rolf Egil Riise

  Inspeksjon 

Begge krigførande lag inspiserer terrenget. Kvar kan det kome

mogelege bakholdsangrep ?

  

Brødrene Brothers

Brødrene Brothers er klare til kamp.

Alf Ole til venstre, Kjell-Johan til høgre

   

Laginndelinga for paintball og internkamp var slik:

 

Kvite drakter: Alf Ole Aarseth (kaptein), Kjetil Leknes, Audun Lyshagen, Knut Inge Haugen, Henning Nydahl og Kjell Johan Aarseth

Blå kjeledressar i paintball

 

Gule drakter: Øyvind Ose (kaptein), Rolf Egil Riise, Arnt Egil Hjellen, Odd Rune Walseth, Svein Jon Holen og Jens Arve Forbord

Grå kjeledressar i paintball, bortsett frå kaptein Ose som av uviss grunn hadde ordna seg spesialtilpassa skarp blåfarge. Ville han helst være på det blå laget ??

  Gerilja KÅ 

Svein Jon Holen i ekte geriljastil rykkjer fram mot fienden..

Skudd i planeten

Odd Rune Walseth har fått eit skudd rett i ”planeten” (trass i Hjelm)

men er like blid !

 

Siste Salve

Laget til kaptein Ose tømer magasinet mot dei blå kjeledressane

i ekstraøvelsen ”løpende veteran”

  

Elitesoldatane

Alle elitesoldatane samla etter endt dyst. Biletet fortel det meste

om stemninga !

 

Det blå laget gjorde reint bord i paintball og vann alle 3 innlagde konkurransar;

suverent flest treff  i første øvelse,  og me erobra også motstandarflagget til det grå laget 2 gonger. Det skulle verte meir suksess for dette laget også i fotballkampen….

  

Fotballkampen spelte me på kunstgrasbane ved Slåtten Skule i Førde, og med 6 på kvart lag vart det tilnærma sjuarfotball på halv bane. Komiteen hadde i år handla inn 2 draktsett, kvite og gule Umbro-drakter, finansiert frå veterankontoen, og det var vill jubel etter laginndelinga fredag kveld då draktene vart testa og godkjent.

Eit ess i ermet dette frå komiteen, og internkampen vert no om mogeleg enda meir seriøs enn tidlegare....

Sverre Børge var som nevnt årets domar, og var kanskje den som var mest nervøs før kampstart…Det er alltid intense kampar med høgt tenningsnivå. Sverre Børge la i alle fall lista svært høgt undervegs i kampen, og både beinkrok og lettare overfall vart utan betenkningstid tillete, og berre møtt med skuldertrekk frå domaren si side…

 

Internkampen går alltid over 3 x 20 minutt. Det kvite laget, ”Team-Alfie” hadde mykje sjølvtillit etter paintballen, og kanskje det var derfor Jens Forbord på ”Team-Ose” satte inn ei ureglementert kroppstackling på underteikna allereie etter eit par minutt av første omgang. Hjorthaug let seg ikkje affisere…Venstre handa til Alf Ole fekk hard medfart i denne situasjonen, og det som me først trudde var kraftig forstuing av 3 fingrar, synte seg i etterkant (etter røngten søndagen) å være eit brudd oppå handflata ! Kaptein Alfie fullførte altså kampen lykkeleg uvitande om bruddet i handa,  og leda det kvite laget til ein overbevisande 18-11 siger over det gule laget. Kven snakka om at veteranar ikkje har ”stå på vilje” ?? 

Mange gode prestasjonar undervegs i kampen frå begge lag, og dei fleste kom på skåringslista. Rolf Riise åpna friskt med 2 kjappe mål til gult, og Øyvind Ose var som vanleg plasseringsdyktig og spelbar. Men kvitt lag synte seg fort å være fleire strå kvassare, med meir løpskapasitet og var betre organisert. Henning Nydahl imponerte med 7 mål i ei klassisk stasjonær spissrolle, og Knut Inge Haugen hadde fleire kvalifiserte redningar i buret. Samspelet til brørne Aarseth var også bra. Men banens beste var likevel veltrente Kjetil Leknes som temja ”villstyringen” Jens Forbord leikande lett med god fysikk og elles drivande godt fotballspel, både defensivt og offensivt.

 

  Veterankamp 1 

Kvar er ballen ??

  Veterankamp 2 

Intens konsentrasjon framfor målgården. Legg merke til at

Svein Jon har lurt seg fri i klar målposisjon.

  Veterankamp 3 

Kaptein Osegutt på Gult vert omringa av 4 kvitkledde.

Kjem han seg fri tru ?? Neppe !

 

Veterankamp 4

Fullt fokus på ballen.

Resultatet vart altså;  Kvitt Lag – Gult Lag  18 - 11 

Målskårarar Kvitt Lag: Henning Nydahl 7 mål, Alf Ole Aarseth  4 mål, Kjell Johan Aarseth 3 mål, Kjetil Leknes 3 mål, Audun Lyshagen 1 mål.

 

Målskårarar Gult Lag: Rolf Egil Riise 3 mål, Jens Forbord 3 mål, Øyvind Ose 3 mål, Arnt Egil Hjellen 1 mål, Odd Rune Walseth 1 mål

 

Obligatorisk er også straffesparkkonkurranse etter internkampen, og ikkje uventa vann kvitt lag også denne. I år hadde me også individuell straffekonk (kven står lengst uten bom) og her imponerte ringreven Svein Jon Holen kraftig og gjekk heilt til topps. Kanskje var det dei 2 hinka han tek i tilløpet som var avgjerande ???

   Gult Lag 

Gult Lag; Bak frå venstre; Jens Arve Forbord, Øyvind Ose, Arnt Egil Hjellen.Sitjande frå venstre; domar Sverre Børge Hjorthaug, Rolf Egil Riise, Odd Rune Walseth, Fremst: Svein Jon "KÅ" Holen.

  Kvitt Lag 

Kvitt Lag; Bak frå venstre; Kjetil Leknes, Audun Lyshagen, Alf Ole Aarseth  Sitjande frå venstre; Kjellis Aarseth, Henning Nydahl. Fremst; Knut Inge "Banks" Haugen  

Etter kampen var det litt avslapning på hotellet før bankettmiddag på ein restaurant som kunne by på god mat og drikke. Her fekk me god tid til å evaluere prestasjonane både på paintballen og i internkampen. Sjølv om det er blodig alvor når me konkurrerer så sit latteren svært laust etterpå, der både sjølvransaking og sjølvtillit går hand i hand.

Veteranane er enige i at med fokus på å halde den tilårskomne kroppen i form framover, samt halde kroppsvekta i sjakk, ja då får me kanskje ein invitasjon til Sæbø-Cup i 2008 ?

Kanskje ein eigen veterancup i jubileumsåret ??

  Aabel Trio 

Kjellis og Jens konstaterer saman med superveteran Per Aabel at det var imponerande innsats på fotballbana i dag :)

  

Tings Meny

Knut Inge Haugen fordjupar seg i menyen med ei konsentrert mine.

   Sverre Børge og Kjetil 

Domar Hjorthaug gir skryt til Kjetil Leknes for ein særs god veterankamp i dag.

  

 Restaurant 

Veterangjengen samla til bankettmiddag. Frå venstre og rundt bordet:Øyvind Ose, Henning Nydahl, Odd Rune Walseth, Knut Inge Haugen,Kjetil Leknes, Sverre Børge Hjorthaug, Kjell Johan Aarseth, Alf Ole Aarseth, Rolf Egil Riise, Audun Lyshagen, Arnt Egil Hjellen, Jens Arve Forbord og Svein Jon Holen. 

   

På søndagsmøta før avreise vert det alltid delt ut innsatspokal til ein av veteranane. I år gjekk pokalen til Henning Nydahl. Ikkje fordi han skåra 7 mål i internkampen, men fordi han var bidragsytar til at hans 3dje barn vart fødd 6 veker for tidleg, og dermed rakk dette veterantreffet ! 

Gravørjobben til Henning var i dette tilfellet utført med finslepen presisjon !

Alfie som fullførte internkampen med brudd i handa hadde nok også vore ein heit pokal-kandidat, dersom me hadde visst om dette på det tidspunktet, men det kjem nye sjansar til neste år for alle veteranar.

 

Årets Pokal

Komiteformann Lyshagen med årets pokal til Henning Nydahl.

 

PS. Kjellis kjem med det tradisjonsrike Møre-Nytt referatet rundt juletider. Men Portalen ligg som regel alltid litt foran J 

"Wildcard" har stått for dei fleste bileta i denne artikkelen og skal ha stor takk !

 

Takk også til alle Sæbøveteranar for nok ein strålande tur !