Det gjekk heilt til topps. Og det er nok ikkje ofte at ei tomt er så fotogen at ein tener 1500 kr på å ta eit bilete av den.

Høg grunnvasstand

Fotoavdelinga i Nationen sa mellom anna at kontrasten mellom himmel, fjell og byggevirksomhet er strålende.

No er vatnet historie og kontrasta til dagens bilete er stor!

Gjødsellageret til Sæbø Storfe

Som ein kan sjå har det endra seg etter at Stryn betong har fått elementa på plass.

Men det ligg mykje jobb bak dette. Alt gravearbeid har Flatnes Maskin gjort, og transport av all masse har vi stått for sjølve. Massa var super, og den har vi brukt til oppfylling av fjøstomta.

DSC00025

Her er det oppretting av tomta som foregår. Askjell Hustad med traktor og Asbjørn Hjorthaug med laseren.

Så var det armering som stod for tur. Mykje arbeid, men Frank Mo har armert mykje før, og var til god hjelp for oss. Dessutan spionerte vi på Fremre Bondalen Samdrift som var før oss.

DSC00005

No er vi ferdig med armeringa , og i morgon vert det støyping..

Vi har samarbeidt om det meste, og vore på støypedugnad hos kvarandre.

DSC00030

Støypedugnad hos F.B. i eit forferdeleg ver, men det vart ein bra botn der også.

Då var Sæbø Storfe langt heldigare med veret. Ein nydeleg oktobermorgon kl 9 starta vi å legge ut betong med den nye betongpumpa til Unicon. med 40m rekkevidde rakk ho over alt frå ein stad. Og kl 15 hadde vi teke mot 11 lass og tilsaman 85 kubikk med betong

DSC00018

Nyt rekkevidda. Diameter på lageret er 30 m.

DSC00015

Hardt for ryggen å lyfte mattene med krok. Her er vi godt i gang med dei 85 kubikk betong som gjekk med.

DSC00020

Her er det matpause medan vi ventar på meir betong. Frå venstre Ole Ragnar, Pumpekøyraren, som forøvrig var hemsedøl. Steinar, Tim, Ola, Arne, og Askjell.

DSC00021

No er vi ferdig og pumpa vert vaska. og rammar samtidig inn Slogen.

DSC00011

Andreas Hustad likar at ting skjer. Her er han i samtale med Asbjørn Hjorthaug.

DSC00008

Her er kran frå K. Nordang i gang med å få på plass dei 2200 kgs elementa frå Stryn Betong.

Det var gjort på ein dag.

DSC00009

2 mann og ei kran gjer eit stort dagsverk!

DSC00003

No har dei støypt ute og er snart ferdig inne med tetting mot botnen. Det står att å helle ekspanderande masse mellom elementa, og å stramme ferdig dei 7 wirane. Dei skal spennast med 17 tonn til slutt.

DSC00009

2500 kubikkmeter er  kummen. Det vert mange vender med gjødselvogna.

Innan 14 dagar håpar vi å kunne starte med å fylle inntil kummen. Det vert også mange kubikk. Men uten snø går alt så lett!