Ja, vi veit det. det har vore veldig vått i år. Var det nesten ein halv meter regn vi fekk i september? Slikt kan det bli mykje moro av - iallfall om ein går i barnehage. 

regn2regn 4

Regn er verdifullt, og må samlast saman i bøtter og spann.  Kampen om vassrettane kan verte innbitte:"...eg var her først!"

 regn3

Vatnet samlast i større reservoar som blir basseng, hamner og verdifulle område som vernast mot vasstjuvar.  Traktorar kjører gjennom store vassmengder, litt lenger borte i sandkasse prøver ein flokk dinosaurusar overleve.

regn1regn6

regn 4

Nokre undrar seg, dammane blir jo aldri tomme. Kor kjem alt dette frå? Er det englar som gret, eller...?

Så var det denne påstanden om at det ikkje finst dårleg ver, berre dårlege klede. I år har veret vunne den konkurransen ofte.  Dei som arbeider i barnehagen sukkar, og foreldra spør: Koss klarte du å bli så våt! Men no veit vi det ......

I førre veke fekk vi ein smakebit på korleis vi ønskjer at hausten skal vere. Tørt og passe v varmt - lette klede og ingen som blir våte. Drømmever, det gjer ingenting at sola er heilt vekk bak fjella da.

regn7

 Helsing barn og vaksne i Sæbø barnehage