Kva som er i Salzburg i haustferien då, klaverkonsert med Mozart? Nei, ein times køyring med bil frå Salzburg ligg skieldoradoet Ramsau am Dachstein 2700 meter over havet, midt i Alpane. Langrennsløparar frå alle verdas nasjonar trekk opp i høgda for å finne snø når skisesongen nærmar seg. Då er ei veke på Dachsteinbreen i Ramsau eit godt alternativ!

Oversikt 1 

Oversikt over Dachsteinbreen som ligg på UNESCO si verdsarvliste og er eit eldorado for skiløparar men og for turistar som med den imponerandes gondolbana kan kome seg høgt til fjells utan å anstrenge seg alt for mykje.

 

Etter å ha landa i Salzburg, fått vite at bagasjen (og skina!) våra var forsvunnen og fått henta leigebilen vår, bar det av stad oppover mot Ramsau Ort som ligg 1135 meter over havet, omlag midt i Austeriket og er «sentrum» der dei fleste skiløparane oppheld seg under treningsperioda. Her booka vi inn hjå Margot Engelhardt som hadde ei ledig leiligheit for oss. Det var blitt kveld og mørkt ute og ingen tindar og stupbrattefjell var å sjå. Hadde vi køyrt feil? Kvar var bagasjen?

Neste morgon hadde den forsvunne bagasjen og skina våra dukka opp utanfor leiligheitsdøra våra i løpet av natta og angsten for å ikkje kunne gå på ski forsvann raskt. Men kvar var fjella hen? Eg var blitt engstelig for at vi hadde køyrt feil og måtte ut å sjå...

Skal brukast

 Jøsses! Litt av ein koloss det der, men kvar er snøen hen? Eg kika på kartet og fann ut at dette var forgrunnen på fjellmassivet og at breen låg bak på. Vel, inn å få seg frukost...

 

Frukosten gleid ned. Den austerikske kvitosten var ikkje så verst og med litt kald Alpen Milch blei det ein bra start på dagen. Gløden etter å gå på ski og ikkje minst vere oppe i høgda var stor men slurvar ein med mat,drikke og ikkje lyttar til kroppen her kan ein pakke ned att skina og sette seg på første flyet heim. Høgdesjuke er ikkje noko og tulle med, verre er det når ein ikkje har trent så høgt over havet før, då er det lett å gå for fort og gå på ein smell.

Frå Ramsau Ort må ein køyre yttarlege 9 km og 10 hårnålsvingar for å kome seg til Talstation der gondolbana starta. Talstation ligg på eit lite platå 1694 meter over havet og fraktar folket opp til Bergstation 2700 meter over havet. Her oppe er det restaurant, souvenirar, isskulpturar, utkikspunkt, skianlegg, klatremoglegheiter og skiløyper.

Vi parkerte bilen vår og eg fekk raskt auge på ei knøttlita hytte som stod og vippa på ein kant høgt der oppe. «Wow, kva slags galskap har fått folk til å bygge hytta si der, glad vi ikkje skal opp dit» tenkte eg og byrja å vandre bortover til eit informasjons skilt for å finne ut kvar gondolbana starta. Dei austerikske glosene var ikkje så vanskelege å skjønne og med den svartmåla pila på toppen av det heile kunne ein ikkje ta feil: Det var opp dit vi skulle!

IMG_6745

Parkeringsplassen ved Talstation 1694 meter over havet. Oppe ser du  Bergstation(hytta) 2700 meter over havet.

Gondolbana vart bygd i 1966 men har vorte utbygd i seinare tid og har no to gondolar som kvar tek maks 70 personar eller 5600 kg. Dei 1000 høgdemeterane blir unnagjort på rund 7 minutt.

Vi pressa oss inn i gondolen saman med 40 andre turistar, i hovudsak tyske pensjonistar, og vi byrja å bevege oss oppover. Bileta under er frå turen med gondolbana som vi følgde på kvar av skiøktene:

DSCF1457

 Oppstigninga byrjar...

DSCF1395 

2000-meters toppar.

DSCF1476 

Mandagen var den flottaste dagen, men sjølvsagt klarte fotografen å slette dei bileta av ein merkelg grunn og resten av opphaldet var prega av lett tåke i låglandet, men oppe på breen var det blå himmel alle dagane.

DSCF1473

Vi nærmar oss Bergstation...

DSCF1509

Utsikt frå toppen. Langt der bake anar vi Austerike sitt høgaste fjell Großglockner som ragar 3798 meter over havet.

Titt Tei!

 Mann som kosar seg i veggen under Bergstation.

 Så var det å kome seg på ski...

IMG_6768

Eine av dei to løypene. Denne var 5 km og det var her vi tilbragte første økta(også den einaste økta her), den andre løypa var 11 km og med dobbelt så mange svingar!

IMG_6775
Her var det mange folk gitt! Russarar, tyskarar, austerikarar, nordmenn, svenskar, finnar, latviarar, estlendarar, kviterussarar, canadiarar, franskmenn, spanjolar!, amerikanarar og ei rekkje andre nasjonar.

IMG_6784

Ein kjendis?

 Ann å Andr framfor Hocher Dac

Mor og son i løypa med Hocher Dachstein med sine 3000 meter i bakgrunnen.

Fangar på frifot 

Fangar på frifot?

Det vart ei ski økt kvar dag pluss ei barmarksøkt på beina om kvelden. Det var upåklageleg flott vèr alle dagane med rund 0˚C oppe på breen og omlag 15˚C nede i Ramsau Ort.

For skiløparar flest blir det ikkje tid til anna enn å trene, ete, sove og drite under slike opphold. Her er det målretta satsing og nok restutisjon er viktig for at ein skulle kunne klare å yte og at det skal vere vits å trene. Dette var i hovudsak eit skiopphold men litt ferie blei det òg med bading ned i Ramsau Ort og avslapping i sola på breen. Til slutt legg eg ved nokre bilete til frå den flotte turen våra:

DSCF1414

 

Ramsau Ort.

DSCF1417 

Ramsau hadde VM på ski i 1999. Noreg tok mange medaljar her med blandt anna Thomas Alsgaard og Bjørn Dhælie i spissen. På bilete er ein av hoppbakkane der Espen Bredesen og Co hevda seg.

Bra med turistar og hoch 

Turistane på tur opp til Dacsteinwetterhütte på 2847 m.o.h (hytta er ikkje synleg på bilete).

Mej ligge 

Underteikna slappar av på Dachsteinbreen.

Antydning til tindar 

Flotte tindar i Ramsau òg.

Rundballar 

Og for dei som likar å måle på rundballar kan jo det å lage skilt vere eit alternativ?

DSCF1569 

Frå flyet på veg heim.

 

Takk for turen Andreas og Anne Marie!