I dei snart 20 åra eg hadde hovudansvaret for klekkeriet var eg ofte med å assistere under desse prøvetakingane. (Jmfr. tidlegare artikkel av Hj.fj. Administrator)  Føremålet var fleirdelt. Ein skulle bl.a undersøkje smolt/auremengda i elva. Korleis denne fordelte seg i vassdraget. Difor 3-4 stasjonar. Likeeins fastslå om det låg mistanke om gyrodactilys salaris, m.m.  Som forøvrig aldri har vore registrert. ( Dei einast elvane på Sunnmøre som har vore infiserte er Valldalselva og Aureelva. Dei vart friskmelde for om lag 20 år sidan.)

Som ein del av det same prosjektet noterte eg dagleg ned vannstand/tidspunkt når smolten gjekk ut. Dette gjekk inn i ei landsomfattande undersøkjing. Eg vekselvis fiska og registrerte pr. observasjon når dette fann stad. Målepinne for vannstand stod der sone 1 flugeskilt står no. Føremålet var å finne meir eksakt samanhengen mellom tidspunkt, lystilhøve og vannstand når smolten gjekk ut. (Han går ut når lystilhøva på døgeret er nøyaktig det rette. Ideelt sett saman med stor vassføring. I hovudsak om natta for å unngå predetorar. Jaktande fugl, fisk og dyr.)

Eg såg alltid fram til å motta rapportane ut på nyåret. Ut av dei kunne ein lese mykje. Eg samanlikna jamnt med tilsvarande undersøkingar i Ørsta-elva. Dei 2 elvane hadde om lag like stor populasjon av laksungar. Noko meir aure i Ørstaelva. Men ein forskjell synte prøvene. I Bondalselva var det meir laksesmolt. (Større smolt.) Alle vart målte. Dette var/er i samsvar med fangsten i dei 2 elvane. I Bondalselva er/har det vore ei større stamme av fisk mellom 4 og 5 kg. I Ørstaelva noko meir pjakk( fisk under 3 kg.) Likeeins aure. Dette avdi det har vore kultivert og satsa meir på denne i Ørsta. Hos oss har vi berre tekje "slengjarar" av aure. Dessutan, og det er det vesentlege, aurebestand som gyt er liten.

Dei siste åra eg var engasjert, på midten/slutten av 90-talet, gjekk mengda av smolt og aureyngel ned. Dette synte undersøkingane. Dette fall saman med  nedgong i gytebestand. Resultatet var mindre innsig av laks.  Alt ein logisk konsekvens. Som ein gallup kunne ein lese desse undersøkingane.

Bondalselva er eit oversikteleg og "lukka" økosystem. Det er ikkje vanskeleg å ha oversikt over gytefisk og tilhøve elles. Særleg når det vert komplettert med undersøkingar som ovanfor. Skulle det då vere så vanskeleg å setje "tæring etter næring?" Det er berre spørsmål om vilje. Ein gjer det i hjorteforvaltninga til dømes. For ikkje å snakke om ivaretaking av fiskeressursar i langt vidare målestokk. Er ei fornuftig forvaltning av Bondalselva så vanskeleg? Kanskje ligg svaret i å legge bort særinteresser som må kollidere med ei fornuftig, framtidig forvaltning. Dess fortare, dess betre spør du meg.

Eg er glad over å sjå at Bondalselva framleis vert prioritert som ei referanseelv. Då må elva og gje attende sannferdig og seriøs informasjon med tanke på framtidig oppbygging av laksestamma. "Vi" har sterke nok motstandarar om ein ikkje skal stridast innad. Eg har fått ein del "peppar" (mest ros, forøvrig....) frå nokre grunneigarar ad omvegar for mitt engasjement. Det vert sagt at avdi eg ikkje er grunneigar bør eg halde munn om Bondalselva. Til desse kan eg seie. Eg kjem IKKJE til å halde munn! Eg vurderar meg faktisk som overkvalifisert til å vere "meiningsberettiga." Difor kjem eg til frametter, om naudsynt, framleis å argumentere for ein oppdrettsfri Hjørundfjord. I tillegg til å ha synspunkt på Bondalselva. Mitt mangeårige samarbeid med Direktorat/Miljøvernavd. og engasjement forøvrig  gjer at eg vert lytta til både i Direktoratet og Miljøvern.avd. Om eg vil nytte desse kanalane.

 

P.S   Eg vart forespurd av ein journalist om eg kunne skaffe tilstade filmopptak frå 60 og 70 talet frå Bondalselva.  Vedk. ville lage ein Tv film  frå dei fantastiske laksåra. Argumentet var i hovudsak at ein ved å syne korleis tilhøva då var, ville ein synleggjere kva vi er i ferd med å miste. Noko som eg til dei grader er einig i!! Om nokon har filmopptak frå elva i den epoka, kan de kontakte meg. (8 mm?)  Eg saumfarer elles litt utanlands, og har fått "napp."