Dei sju medlemmane i styret i Bondalen Frilynde Ungdomslag, BFUL, har bestemt seg for å gjere ein innsats for dei unge. Førstkomande fredag, fredag den 19. oktober klokka 19, vert det oppstart av ungdomsklubb på Bondalen grendahus.

IMGP0908 (Large)

Etter ein del telefonar er no Therese Lystad Holen og resten av styret i BFUL klare til å starte ungdomsklubb på Bondalen grendahus.

Tidlegare i kveld hadde Therese fått med seg  Marius Riise og Stig Harald Myklebust.  Før oppstart av denne ungdomsklubben er det sjølvsagt ein del som må gjerast.  I kveld skifta skifta t.d. Marius og Stig Harald duken på biljardbordet.

IMGP0907 (Large)

Stig Harald er her i ferd med å skifte duk på biljardbordet.

IMGP0909 (Large)

Marius Riise hadde også nok å henge fingrane i i kveld.

Therese, kven skal få lov til å vere med i ungdomsklubben?

- Alle som har starta i 7. klasse  er hjarteleg velkomne. Det øvre aldersgrensa er 18 år. Og all ungdom som er busett i Hjørundfjorden er hjarteleg velkomne.  No veit ikkje eg om oppstart klokka 19 passar med ferjetidene, men sjølvsagt kan ein også kome seinare.  Vi held ope til klokka 23.

Og kva slags aktivitetar skal her vere på grendahuset?

- Ingen ting er fastspikra, ungdommane må sjølve få vere med å bestemme kva dei vil gjere på og kva dei vil ha. Men vi har i alle fall biljardbord, bordtennisbord, karaokeanlegg og vi har ulike kortspel.  Kanskje kan vi også få til noko for den som vil spele i band? Og kiosk må vi sjølvsagt ha.

Kiosk med masse potetgull?

- Kanskje ikkje potetgull - det vert gjerne litt mykje rot av det, men det vert nok salg av pølser m/brød og litt smågodt.  Igjen - dei unge må få vere med å bestemme.

Skal det vere vaksne tilstades, eller skal dei unge greie seg sjølve?

- Sjølvsagt må det vere vaksne tilstades. Vi tek sikte på at ein styremedlem frå BFUL vil vere tilstades i tillegg til ein far eller ei mor.  Medlemmane av ungdomsklubben må likeveln rekne med å gjere mykje sjølve, t.d. vere med å lage til før klubben startar klokka 19, stå i kiosken og ikkje minst rydde opp etterpå.  Likevel vil eg understreke at vi er 100 % avhengige av at foreldra stiller opp.  Og det trur eg foreldra gjer.  Vert det mange nok medlemmar vil det kanskje berre vere ein fredag i året ein treng stille opp.

Du nemnder medlemmar.  Vil det koste mykje å vere medlem av ungdomsklubben?

- Vi ser nok for oss at det vert ei form for medlemskap, men på kva måte det vert ordna på er enno usikkert.  Dei som møter opp på fredag skal få vere med å seie kva dei meiner, evt. kva det skal koste og ungdommen skal få vere med å lage eit regelverk for klubben.

Og vert det ungdomsklubb kvar fredag no framover?

- Ikkje kvar fredag, men annankvar fredag.  Oppstart fredag den 19. oktober klokka 19.  Alle unge i Hjørundfjorden er hjarteleg velkomne, avsluttar Therese.

IMGP0901 (Large)

Alle unge frå og med 7. klasse må møte opp førstkomande fredag klokka 19 på Bondalen grendahus, seier Theres Lystad Holen.  - Til fleire som møter opp til kjekkare vert det.

Og heilt til slutt legg Therese til at dersom det er andre vaksne som vil hjelpe til desse kveldane, dvs. vaksne som ikkje har barn i den aktuelle aldersgruppa, så vil styret i BFUL setje stor pris på det det.  Det er berre å ta kontakt med henne.