Njål Rønning frå Urke har fått beskjeden - han skal vere med å dømme cupfinalen på Ullevål stadion den 11. november.  Rønning skal vere assistentdommar, det som vi tidlegare gjerne kalla linjemann.

Gratulerer Njål.  Endeleg ein hjørundfjording i cupfinalen for menn - ja, du reknar deg vel framleis som hjørundfjording?

- Tusen takk.  Sjølvsagt reknar eg meg framleis som hjørundfjording/ urkebygding.  Eg har rett nok budd fleire år her på Valderøya, men eg er jamnt på Urke der eg no har teke over huset.

Du er ein erfaren assistentdommar som vel nærmar det slutten av karriæra.  Eg veit at du kjenner godt den legendariske toppkeeperen til Tromsø, Bjarte Flem.  Han kasta som kjent ballen i eige nett.  Du har ikkje tenkt å gjere eit liknande stunt på Ullevål for å gjere deg berømt som assistentdommar?

- He, he.  Nei, det vert nok ikkje denne gongen.  Eg skal også dømme på topplan eitt år til, så vi får sjå kva vi finn på til neste sesong...

Du har sjølv vore aktivt fotballspelar - mest for Valder - men har du nokon gong spelt for Sæbø?

- Skjølvsagt har eg spelt for Sæbø.  Den første A-lagskampen min trur eg eg spelte allereie som 16 åring.  Den gongen var eg nok ein av dei yngste debutantane.  Eg hugsar godt at eg spelte i lag med Jarle Walseth, Dagfinn/Daffa osb.  Flotte kampar.

Må du trene mykje som toppdommar?

- Ja, absolutt.  Eg trenar nok meir no enn då eg sjølv var aktiv fotballspelar.

Takk for praten.  Hugs på at no heiar vi hjørundfjordingar på assistentdommar Njål Rønning under cupfinalen den 11. november.

- Tusen takk.  Eg skal gjere mitt beste.