IMG_1525 

Her er Alexander, Nikolai, og Sunniva klar til full innsats i potetåkeren.

Åkeren har vore på ulike stadar, oppi bakkane på Stokke, rundt omkring på Gamlerise, men i år var den nedanfor løda på Stokke.   

IMG_1527   

Her er gjengen i kjent stil, Ole kjøyrer mest utan stopp når vi er mange som plukkar.

Frå venstre Rolfen, Bente, Marit, Sunniva, Rebekka, Mikkel og Alexander.

IMG_1526    

Her er maskinparken i orden, dette er reine "potetmercedesen"

Dette er luksus for meg som vaks opp i "våtmark" der kvar potete måtte plukkast med hakkegrev!

IMG_1528    

Som de ser her, må ein tidleg krøkast som god krok skal bli! 

Eskil er plassert trygt på sidelinja, alle er med!

IMG_1532 

Litt sjonglering, Sunniva er reine sjongløren, men Marit ser beundrande på.

Det var litt fleire som prøvde seg på sjonglering, men med mindre hell.

IMG_1539  

Det er ikkje rart at ein frustrert ungdom kan kjyle ei småpotete eller to etter slike velplasserte blinkar!

Frå venstre Nanna, Rolfen og Arve.

IMG_1543  

Det er nokon som kan det, Nikolai finn ei god stilling å slappe av i etter ei arbeidsøkt.

IMG_1544

No er kassene fulle og sekkane godt oppfyllte, vi har antakeleg potete til neste haust, alle saman.

IMG_1687

Blitsen var fyllt til randen før åkeren var tom.

Store fine potete, godt potetår!      

IMG_1549

Litt tid for pause, sakeleg potetprat, ja dinne gongen gjorde me rett, sette passe småpotete.  

IMG_1552

Her er Nikolai med ei flott samling "potetekjerringa"

Ekje dei fine vel?

IMG_1683 

Og so er det mat, nydelige kanelsnurra med sukker på og kaffi til.

Med mold på hendene ...smakar det ekstra godt!

IMG_1682

Alle kosar seg med maten.

storenakken 016 

Her ,litt utenom tema, Marta har fått sydd ferdig rullapølsene, snakk om matauk!