Eg sat i hytteveggen på Bondalseidet og kosa meg med kaffi og niste i går, laurdag, i middagstida. Deretter køyrde eg vidare mot Sæbø.

Like før eg kom til vegdelet  til Eide, møter dette makabre synet meg! Sauehovudet ligg på kvitstripa på  høgre side, akkurat som biletet viser.

002-1

Ikkje vidare vakkert....

Eg skal altså tilgi reven, men dersom det er tobeinte som har funne på dette, vitnar det om total mangel for respekt for dyra og deira eigenverd. Eg tenkjer og på eigaren som utan tvil er glad i dyra sine og må kjenne seg ille til mote ved å sjå ein rest av eit av dyra sine på ein slik måte!  Hugs at saueeigaren set like mykje pris på sine dyr som dei som eig hund, katt eller hest....

Eg veit og at fleire saueeigarar brukar dag etter dag på denne tida for å leite opp dei sakna dyra sine.  Dersom ein tjuvslaktar etterlet dyr på denne måten, kan det vere bra om eigaren får kjennskap til dette. På bileta har eg sladda eigarnummeret, men eigaren skal sjølv kunne identifisere dyret!

003-23

Nummer og namn!