Storfjorden / Bjørke kom med i bygdemobilisering frå sist årsskifte og ei av satsingene som dei tok med frå Austefjordbygdemobiliseringa, var arbeidet med klyngetun. Det er utpekt to gardsbruk der eigarane alt har gitt positivt tilsagn om plass for slik tunskipnad. Det eine er Sellereite på Leira og det andre er Lessingane på Åkre.  Synfaringa av desse mulegheitene den 28. september (sjå om dette i artikkel av Knut Hustad) der m.a. fylket og kommuna stilte med deltakarar, er eit skritt vidare i arbeidet for klyngetuna.

Kva er klyngetun

Frå gamalt av var busetjinga på bygdene ofte organisert i store fellestun - såkalla klyngetun. Utflyttingar og tilhøyrande jordskifte braut opp desse tuna på 1800-talet. Dette var den gong positivt med meir plass for aukande folkemengde, betre arondering av dyrkajorda, sikring mot brann osv. Ulempen sett med 2000 årsaugo er til dels auka nedbygging av dyrka og dyrkbar jord med fleire vegar, fleire tun og meir transportarbeide. Ved avfolking som no skjer, kjem også det sosiale aspektet klart til syne.

 

Typiske klyngetun som i dag eksisterar og er aktive, om enn med redusert innbyggartal og aktivitetar, er Havråtunet på Osterøy  (som Enok Kippersund nemnde i kommentaren sin)-  og Finnes her i Hjørundfjorden. I Havråtunet var det ein periode åtte bruk med tilsaman ca, 30 hus. Det er framleis tradisjonell gardsdrift i tunet og kulturlandskapet vert såleis halde i hevd.

 Frå ei av tungatene

Bilete frå ei av tungatene i Havråtunet på Osterøy

Finnes .. også eit klyngetun

 Finnes ....  det finst også lokale klyngetun

Folketalet i tunet på Finnes er også sterkt redusert, men jorda er i hovudsak i drift sjølv om talet på aktive bruk i tunet er redusert dei siste tiåra. Årsetra i Follestaddalen er eit anna lokalt eksempel på eksisterande klyngetun med redusert folketal.

Kvifor ta fram att gamal og  forlatt  byggeskikk

I ei tid med raskt aukande folketal vart tuna for trange. Behov for meir plass og meir matjord saman med strek påverknad frå myndigheitene, fikk fart på utflyttinga særleg i siste del av 1800-talet.

 

I dag er situasjonen snudd på hovudet. Garden og bygda har for lite folk. Det sosiale miljøet forvitrar og oppveksten for dei borna som er att gir einsemd og stor transportverksemd for å nå andre. Spreidde tomteareal er lagt ut i bygdene dei siste åra, men med vekslande hell. Dei små byggefelta kan difor erstattast av klyngetun som gir ei tettare bygningsskipnad, betre jordvern og større involvering av tilflyttarar ved at ein gard er knytt inn mot det nye tunet. Garden kan og forplikte seg til positivt samvirke med hagebruk, fiske, jakt, vedhogst og anna varer og tenester frå garden noko som m.a. har positiv klimapåverknad.

Finst det nasjonale og regionale strategiar som tilrettelegg for klyngetun

I 2004 utarbeida Landbruk- og matdep. (LMD) saman med Miljøverndep. (MD) eit rundskriv om LANDBRUK PLUSS. Dette skisserer eit breiare engasjement av det tradisjonelle landbruket i nært samspel med bygda og utvikling av denne. Nye mulegheiter bør utnyttast for å sikre positive livskår i bygda, mellom anna etablere samhandling der ein spelar på dei mange mulegheitene som finst.

I skrivet står det dette om såkalla landbruksrelatert næringsutvikling:

 "Landbruket står ovenfor betydelige utfordringer,blant annet knyttet til kostnadsnivå og økt konkurranse om markeder. Framover er det viktig at landbruksnæringen, i tillegg til å produsere mat og trevirke, bidrar til å skape livskraftige lokalsamfunn, levende kulturlandskap og natur- og miljøgoder. Det må også legges til rette for at ressursgrunnlaget på bygdene, i større grad enn hittil, kan utnyttes til ulik næringsutvikling og til bosetting uten direkte tilknytning til primærnæringene." 

Fylkesmannen i Hordaland  har dei siste åra arbeidd konkret med klyngetun som ein strategi for å få ny busetjing til bygda. Han har skissert dei positive sidene ved slik organisering av nye bustader. Mellom anna seier han:

 Det er mange gode grunnar til å satse på etabler­ing av nye gardstilknytta klyngetun. Klyngetuna kan styrkje busetjinga i ei grend eller bygd, og skape gode bukvalitetar for både born og vaksne. Fortetting i nærleiken av eksisterande bygningar kan også sikre samanhengande jordbruksområde og kulturlandskap. Klyngetuna kan i tillegg vere grunnlag for næringsutvikling på gardane. Nye bustader i nærleiken av gardstun kan også gje fleire menneske nære band til landbruket. 

Landbruksavdelinga (Fylkesmannen i Hordaland) ynskjer å fremje klyngetun som kan vere med og styrke busetjinga i tilknyting til gardsbruk som er i sjølvstendig drift. Slik kan vi styrke dei sosiale rammene og næringsgrunnlaget rundt aktive landbrukseigedomar. Det bør ikkje vere over fem bueiningar i tunet, seier dei.

Kvifor peikar Bjørke seg ut

Å etablere eit godt klyngetun krev målretta medverknad frå grenda og garden. Tuna kan ikkje berre leggast ut ein plass, det må finnast lokale drivkrefter som vil satse på slike verkemidlar. Produktet (klyngetunet) med sine kvalitetar må vere tydeleg for å få kraft i ei målretta marknadsføring. Vi snakker ikkje her om å nå dei mange, men å nå dei få som ser verdien av bygda og miljøet der. For å gjere etableringa meir trygg og terskelen mindre, må mykje av planlegginga og ”godene” i tunet vere på plass når førespurnaden kjem. 

Vegen vidare

Arbeidsgruppa for tuna vil saman med kommunen og fylket arbeide vidare med planane. Det nære samarbeidet mellom desse partane og andre involverte, vil sikre at prosjektet sitt innhald er i samsvar med alle preferansar i høve til gode bomiljø, jordvern, gardsdrift, byggeskikk, sosialt bofellesskap, økonomi osv.