IMG_1771

"Kast kjapt", seier trenar Jan Kjetil Holen (i regnjakke) til Øyvind Wille. Det vart vått og tungt på Sæbø stadion laurdag, og det såg ikkje ut til å favorisere Sæbø.

Sæbø vann 2-1 på bortebane i første kamp, men det skulle vise seg å verte ei vanskeleg oppgåve å halde eit godt Norborg-lag unna. Spesielt i første omgang var Norborg best. Spelarane hos gjestene viste langt større vilje enn dei fleste Sæbø-spelarane.

Sæbø vart merkeleg stasjonære i første omgang. Der laget tidlegare i år har vist god rørsle, fall ein tilbake til gamle synder, og det var mest berre Espen Frøland på sentral midtbane som såg ut til å ha løpskapasitet.

Norborg opna best, men utan å skåre. Etter om lag fem minutt fekk Sæbø to store sjansar med tett mellomrom, men verken Terje Haugen Øye eller Marius Riise greidde å overliste den gode Norborg-målvakta.

Norborg tok grep igjen, og byrja å produsere store sjansar. Nokre kom fordi Sæbø-forsvaret ikkje var heilt patent.

Gjestene tok leiinga etter 23 minutt. Martinus Grytten skaut omtrent ute frå sidelina, og ballen gjekk mellom beina på ein Sæbø-forsvarar og sneik seg inn i lengste hjørnet for Sæbø-målvakt Kristoffer Valseth.

Men Sæbø kvitterte fem minutt etterpå. Sæbø var raske med eit innkast, og Marius Riise kom seg fri. Han la til betre plasserte Terje Haugen Øye som sette inn utlikninga i ope mål.

Likevel, dette var Norborg sin omgang, og laget var klart betre enn Sæbø. Skjalg Volstad gav gjestene leiinga 2-1 etter halvtimen. Han sette ballen i ope mål etter at Sæbø sleit veldig med å klarere. Ti minutt før pause vart det 3-1, og det var Grytten som skåra etter å ha lurt Sæbø på høgresida.

I andre omgang vart det jamnare. Sæbø-spelarane byrja å springe meir, og det vart betre både defensivt og offensivt.

Etter tjuefem minutt reduserte Marius Riise til 2-3. Det kom etter eit fint angrep der Riise spelte vegg med Espen Frøland. Riise skrudde ballen inn i Norborg-målvakta sitt lengste hjørne.

No jaga Sæbø utlikning som ville gje laget KM-tittelen. Terje Haugen Øye hade ei nkjempesjanse, men balle ngjekk utanfor frå kort hald. Haugen Øye hadde også ein ball i mål ti minutt før slutt. Men dommar Oddbjørn Aam valde å gje Norborg eit frispark for offside i staden. Dette synest Sæbø-spelarane var merkeleg, for ballen kom til Haugen Øye frå ein motspelar.

Sæbø prøvde å verte endå meir offensive i sluttminutta, og fleire spelarar vart sett fram i angrep. Problemet var berre at spelarane var så slitne på den etter kvart tunge grasbana at ballen aldri kom fram. Då skjer det som ofte skjer i slike situasjonar, motstandaren skåra. I kampens siste ordinære speleminutt laga Eivind Fjørtoft 4-2 for Norborg etter eit hjørnespark.

Dermed hamna krinsmeisterskapen hos Norborg2, men Sæbø er uansett klare for femte divisjon neste sesong, der lag som Åmdal og Hovdebygda vert motstandarar.

P.S. Ei oppgåve for fotballhistorikarane: Har det vorte spelt kamp på Sæbø gras så seint som 27. oktober tidlegare?