Bjørke grendalag med Cecilie Rørstad i spissen har i lengre tid jobba for å finne område i Bjørkeområdet som kan vere eigna for utbygging av klyngetun, dvs. område der fire-fem hus kan byggast- og utgjere eit tun.

Hjørundfjorden bygdemobilisering har også no teke tak i denne saka og ynskjer at det snarast råd vert funne areal i Storfjorden som kan brukast til føremålet og som politikarane til sjuande og sist kan godta.  Det er Cecilie Rørstad og Per Atle Røe som er i bygdemobiliseringa si arbeidsgruppe for klyngetun.  Det er funne fram til to område som Bjørke grendalag meiner er eigna til føremålet og område som grunneigarane frivillig vil avstå.

Sist fredag var det synfaring i området.  Arbeidsgruppa ynskte å møte fagfolk frå ulike offentlege etatar for seinare også å evt. søkje råd med desse  for å få gjennomslag for prosjektet. Frå fylkesmannen  si landbruksavdeling møtte Kari Bjørnøy, frå Ørsta kommune møtte landbrukssjef Olav Klokk og avdelingssjef for Plan og Miljø,  Gunnar Wangen.  I tillegg møtte leiaren for landbruksnemnda i Ørsta, Jostein Bjørdal,  leiaren for Næringskontoret i Ørsta, Martin Foldal,  samt   grunneigarar og representantar for Hjørundfjorden bygdemobilisering.

IMGP0284 (Large)

Kari Bjørnøy frå Fylkesmannen si landbruksavdeling og landbrukssjef Olav Klokk.

I si innleiing på Bakkegarden der Cecilie Rørstad orienterte om prosjektet før synfaringa, kom ho inn på ei positiv utvikling i områet i det siste.  M.a. har fleire unge flytta heim dei siste åra og to barn vart  fødde i området i 2006. For å halde fram med denne positive utviklinga trengs det meir tilflytting - også av personar som ikkje er fødde i området.  Område som er regulert- og tilrettelagt for klyngetun vil kanskje føre til meir tilflytting, vona Rørstad.  Ho understreka også at det var viktig at grunneigarar var villige til å avstå grunn frivillig dersom det skulle verte rask framgang i prosjektet. 

Dei to områda som er aktuelle for klyngetun og som det etterpå var synfaring på, ligg på Sellereite på Leira og Lessingane på Åkre på Bjørke.

IMGP0322 (Large)

Frå synfaringa på Sellereite.  Frå venstre Gunnar Wangen, leirar for Næringskontoret Martin Foldal, Olav Klokk, Ole Jørgen Mork og Kari Bjørnøy frå Fylkesmannen si landbruksavdeling.

Landbruksnemnda har tidlegare gått imot det aktuelle området på Sellereite på Leira.  Under denne synfaringa understreka Olav Klokk at han slett ikkje var imot klyngetun, men han peika på eit anna område lenger nede på Leira som han meinte ville vere betre eigna.  Cecilie Rørstad, som også er den aktuelle grunneigaren her, svarte berre at det var viktig at grunnen vart avgitt frivillig skulle ein få framgang i prosjektet.

IMGP0331 (Large)

Landbruksnemnda har tidlegare sagt nei til det aktuelle området, men har dei skifta meining no?  Frå venstre Jostein Bjørdal og Olav Klokk.

IMGP0335 (Large)

Sentrale personar i spørsmålet om klyngetun på Sellereite på Leira.  Frå venstre Jostein Bjørdal, grunneigar og prosjektleiar Cecilie Rørstad, Olav Klokk, Per Atle Røe, Gunnar Wangen, Kari Bjørnøy og Martin Foldal.

Det var ingen som ytra motstand mot arealet som var utpeika på Lessingane på Åkre på Bjørke.  Også dette området ligg vakkert til og det føreslegne arealet er lite eigna som slåttemark.  Minuset var ei høgspentline som går like forbu området, men denne var gammal og måtte nok snart utskiftast likevel.  Kanskje kan den nye  gravast ned forbi området, vart det spurt.  Grunneigar for det aktuelle området på Lessingane er Ole Jørgen Mork.

IMGP0343 (Large)

Grunneigar Ole Jørgen Mork orienterer her frå venstre Olav Klokk, Cecilie Rørstad og Per Atle Røe.

IMGP0351 (Large)

Det er dette området mellom synfararane og kommunevegen nedanfor som er det aktuelle området for klyngetun på Lessingane på Åkre. Heilt til høgre er Oddhild Saure Bogen som møtte frå Hjørundfjorden bygdemobilisering og nr. tre få høgre er Ida Malen Skjåstad.

Under oppsummeringa på Bakkegarden etter synfaringa var det stor semje om å vere positive til prosjektet og at det måtte- og skulle finnast eigna område til klyngetun.  Det var elles ingen som uttrykte konkret motstand mot dei to aktuelle områda siom vart synt fram.

Leiaren for Næringskontpret i Ørsta, Martin Foldal, nytta også høve til å snakke om turisme og dermed arbeidsplassar.  Han var ikkje i tvil om at det burde satsast på små turistgrupper som var villige til å betale for det dei fekk servert både av mat og inntrykk.

Leiaren for Hjørundfjorden bygdeutvikling, Ivar Svein Mo, takka både for orientering, omvisning og ikkje minst servering.  Til hjorundfjord.no uttrykkjer han stor glede over at den nye leiaren for Næringskontroet, Martin Foldal, allereie etter kort tid ser ut til å ha sett seg godt inn i forholda i Hjørundfjorden.  Dette lovar godt, seier han.  Til sluttar sender Mo ei stor takk til ordførar Hans Olav Myklebust som stilte M/S "Hjørundfjord" til disposisjon denne dagen.

IMGP0308 (Large)

Før synfaringa gav den framtidige eigaren av Bakkegarden (og evt. nabo til klyngetunet på Lessingane), kunstnaren Marita Bett Jensen, ei kort orientering om Bakkegarden.

IMGP0358 (Large)

Av Marita Bett fekk deltakarane på synfaringa også ei fantastisk servering.